Alofi
Alofi er hovudstaden på den sjølvstyrande øya Niue i Stillehavet. Staden har 581 innbyggjarar (2006), og er med dette verdas minste hovudstad etter folketal.
Alofi | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Landsby |
Niue Alofi North og Alofi South |
Geografi | |
Flatevidd | 46,48 km² |
Innbyggjarar - By (2006) |
581 |
Høgd over havet | 21 m |
Tidssone | UTC-11 (UTC-11) |
Diverse anna | |
Heimeside: http://niuevillage.com/niue/export/sites/NTO/alofisouth.html | |
Plassering | |
Alofi på Niue. |
Alofi er den største tettstaden på øya, og eit sosialt og økonomisk sentrum. Staden ligg midt i Alofivika på vestkysten av Niue, nær det einaste passet gjennom korallrevet som omringar øya. Han er delt inn i Alofi nord og Alofi sør, der regjeringsbygningane ligg.
Staden har ekvatorialklima (tropisk regnskogklima) etter Köppen si klimaklassifisering, utan noka særleg tørketid. Frå juni til september har han likevel litt mindre nedbør enn elles. Gjennomsnittstemperaturen held seg rundt 25 ° C året rundt.
I januar 2004 blei Niue ramma av ein tropisk syklon som drap to personar og forårsaka store skader på bygningar i Alofi, mellom anna sjukehuset der. Etter dette blei dei offentlege bygningane flytta lengre inn på land til mindre utsette område.
Bakgrunnsstoff
endre- Alofi - The Capital of Niue Arkivert 2012-05-17 ved Wayback Machine. ved niuetotal.com
Kjelder
endre- Alofi - The Capital of Niue Arkivert 2012-05-17 ved Wayback Machine. ved niuetotal.com
- Denne artikkelen bygger på «Alofi» frå Wikipedia på bokmål, og «Alofi» frå Wikipedia på engelsk den 20. april 2012.