Alphonso Johnson (fødd 2. februar 1951) er ein amerikansk jazz-bassist som har vore aktiv sidan tidleg i 1970-åra.

Alphonso Johnson

Johnson i Rochester i New York i 1977.
Fødd2. februar 1951 (73 år)
FødestadPhiladelphia i USA
AliasEmbamba
OpphavUSA
Aktiv1970–
SjangerJazz, jazzfusion, funk
InstrumentBass, Chapman Stick
Tilknytte artistarWeather Report, Bobby and the Midnites, Jazz Is Dead
PlateselskapEpic Records
Verka sombassist, jazzmusikar, universitetslærar, komponist

Han var fødd i Philadelphia og byrja å spele kontrabass, men byta til elektrisk bass seint i tenåra. Han byrja karrieren sin tidleg i 1970-åra og hadde ein innovativ spelestil. Han spelte som studiomusikarar for jazzmusikarar før han vart med i Weather Report,[1] då han tok over etter den opphavlege bassisten Miroslav Vitous. Han spelte på Weather Report-albumet Mysterious Traveller (1974), på songane «Cucumber Slumber» og «Scarlet Woman». Johnson var med på ytterlegare to album, Tale Spinnin' (1975) og Black Market (1976), for Weather Report før han slutta i bandet for å arbeide med trommeslagaren Billy Cobham.[1] I 1976-77 spelte han inn tre soloalbum som bandleiar, for Epic Records, i jazz-funk-stil.

Johnson var ein av dei første musikarane som introduserte instrumentet Chapman Stick. På grunn av dette vart han nesten tilsett som erstattar for gitaristen Steve Hackett i Genesis, men i staden tilrådde han venen og tidlegare Sweetbottom-gitaristen Daryl Stuermer, som vart med i turnébandet til Genesis resten av tida dei dreiv på.

Johnson var ein av to bassistar på det første soloalbumet til Phil Collins, Face Value, i 1981.

Tidleg i 1982 vart Johnson med sideprosjektet til Grateful Dead-medlem Bob Weir kalla Bobby and the Midnites. Han vart igjen med Weir i 2000 då han spelte bass på turné med The Other Ones. Han spelte òg fusion-versjonar av Grateful Dead-songar i lag med Billy Cobham i bandet Jazz Is Dead.

I 1982 spelte han på hitsongen til Jeffrey Osborne frå Stay with Me Tonight. Han spelte så med Santana i 1985-1989.

I 1996 turnerte Johnson i Europa og Japan med saksofonisten Wayne Shorter, pianist James Beard, trommeslagar Rodney Holmes, og gitarist David Gilmore.

Diskografi

endre

Som leiar

endre

Som musikar

endre

Med Weather Report

Med Eddie Henderson

Med George Duke / Billy Cobham Band

Med Rod Argent

  • Moving Home (1978)

Med Bob Weir

Med Santana

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Yanow, Scott. «Alphonso Johnson: Biography». Allmusic. Henta 11. februar 2013. 

Bakgrunnsstoff

endre