Weather Report var eit av dei mest kunstnarleg vektige og samtidig kommersielt suksessfulle jazz- og fusion-gruppene i 1970- og 1980-åra, og har fram til i dag påverka ei rekke musikarar innan svært ulike musikkretningar.

Weather Report

Weather Report i Shinjuku Kosei-nenkin-hallen, Tokyo 1981
Frå venstre: Joe Zawinul, Bobby Thomas Jr., Wayne Shorter, Peter Erskine og Jaco Pastorius
OpphavNew York City, USA
Aktiv1970–1986
Sjangerjazz, jazzfusion
PlateselskapColumbia Records
MedlemmerJoe Zawinul
Wayne Shorter
Tidlegare medlemmerMiroslav Vitouš (1970–74)
Airto Moreira (1970–71)
Alphonse Mouzon (1970–71)
Dom Um Romão (1971–74)
Eric Gravatt (1971–73)
Greg Errico (1973)
Alphonso Johnson (1974–75)
Ishmael Wilburn (1974)
Skip Hadden (1974)
Alyrio Lima (1975)
Leon 'Ndugu' Chancler (1975)
Chester Thompson (1976)
Jaco Pastorius (1976–82)
Michael Walden (1976)
Alex Acuña (1976–77)
Don Alias (1976)
Manolo Badrena (1978)
Peter Erskine (1978-86)
Erich Zawinul (1979)
Robert Thomas Jr. (1980–82)
Omar Hakim (1983–85)
Victor Bailey (1983-86)
Jose Rossy (1983–84)
Mino Cinelu (1984-86)
PrisarGrammy Award for Best Jazz Fusion Performance, Grammy Hall of Fame Award, Grammy Hall of Fame Award

Bandhistorie endre

Weather Report blei grunnlagt av tidlegare medlemmar av bandet til Miles Davis: allereie under opptaka til In a Silent Way (1969) snakka Joe Zawinul (keyboard) og Wayne Shorter (saksofonar) om å danne ei gruppe. Det var desse to som blei den stabile kjerna i Weather Report. Da bandet blei grunnlagt i desember 1970 var dessutan Miroslav Vitoušbass med; han hadde medverka på Zawinul sitt soloalbum tidlegare same år.[1] Med på det første albumet til Weather Report var òg Alphonse Mouzonslagverk og perkusjonistane Don Alias, Barbara Burton og Airto Moreira.

Vitouš slutta i 1973 og el-bassisten Alphonso Johnson kom til. I 1976 blei han erstatta av bassvirtuosen Jaco Pastorius som blei verande til 1982, og det er denne perioden som blir rekna som hovudfasen til bandet.[2] Weather Report feira sine største kommersielle suksessar fram mot 1985, til dømes Zawinul sin verdshit «Birdland». Etter Mouzon blei slagverkarane bytta ut nesten kvart år heilt til Peter Erskine i 1978 og seinare Omar Hakim skapte noko meir stabilitet. Perkusjonistane blei òg bytta ut nesten for kvar albuminnspeling, blant dei som deltok var Alex Acuña, Manolo Badrena og Dom Um Romão).

På dei første studio-opptaka var bandet svært eksperimentelt; eit førebilete var Attila Zoller sitt album The Horizon Beyond. I den musikken høyrde Zawinul eit sjølandskap, snøstormar og vårflaumar. «Bandet ditt kling som eit vêrvarsel» sa han til Zoller. Nokre månader seinare kalla Zawinul og Shorter det nye bandet for Weather Report.[3] På albumet Sweetnighter blei bandet meir melodiøst og fekk sitt gjennombrot i massemarknaden. Dei mest kjende stykka frå bandet si mellomperiode er «Birdland» og «Black Market».

Ved å bruke både slagverkar og perkusjonist kunne dei spele meir dynamisk og med meir komplekse polyrytmer enn elles. Zawinul gjorde seg fri frå det gamle 32-takt-systemet, braut med tema-solo-tema-skjemaet[4] og innførte nye former. I Weather Report kan ein høyre ansatsar til det som i dag blir kalla world music, og andre vegen påverka bandet afrikansk musikk. Introen til sporet «Black Market» var i over 20 år kjenningsmelodien til Radio Dakar i Senegal.[5] Spesielt albumet Black Market blei godt motteke blant afrikanarar.[6]

Bandet blei oppløyst i 1985. I ein artikkel om Weather Report i jazztidsskriftet Down Beat januar 2001 skildra Josef Woodard dei som «det mest framifrå jazzbandet dei siste tretti åra.»[6]

Diskografi endre

  • 1971: Weather Report
  • 1972: I Sing The Body Electric
  • 1972: Live In Tokyo
  • 1973: Sweetnighter
  • 1974: Mysterious Traveller
  • 1975: Tale Spinnin’
  • 1976: Black Market
  • 1977: Heavy Weather
  • 1978: Mr. Gone
  • 1979: 8:30
  • 1980: Night Passage
  • 1982: Weather Report
  • 1983: Procession
  • 1984: Domino Theory
  • 1985: Sportin’ Life
  • 1986: This Is This
  • 2002: Live and Unreleased
  • 2006: Forecast: Tomorrow
  • 2011: Live in Offenbach 1978

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Jfr. Bakgrunnen til det første albumet
  2. I: Gunther Baumann: Zawinul. Ein Leben aus Jazz. Residenz Verlag, Salzburg 2002, s. 129
  3. Géza Gábor Simon, Immens gut. Attila Zoller. Sein Leben und seine Kunst. Budapest 2003, s. 83
  4. Zawinul kommenterte dette i kommentarane til det første albumet: «Vi spelar alltid solo, og vi spelar aldri solo»
  5. Intervju med Zawinul i 2003, «I hob' mein eigenen Rhythmus», Kölner Stadt-Anzeiger, 11. september 2007
  6. 6,0 6,1 «Das ist die Kunst», Weltwoche, 2006, nr. 12, Intervju, (PDF-fil, 2 s.)

Bakgrunnsstoff endre