Alqosh
Alqōsh (gammalsyrisk ܐܲܠܩܘ̣ܫ, arameisk אלקוש, arabisk ألقوش), stundom skrive Kar Aqosh, Al-qosh eller Alqush, er ein assyrisk by nord i Irak, 50 km nord for Mosul.
Alqosh | |||
ܐܲܠܩܘ̣ܫ, ألقوش | |||
by | |||
Land | Irak | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Ninive | ||
Folketal | 15 000 | ||
Grunnlagd | 1500 fvt. | ||
Alqosh 36°44′03″N 43°05′48″E / 36.734166666667°N 43.096666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Alqosh |
Historie
endreAlqosh kan sporast attende til eldste periode av det assyriske riket, men kan særs vel vera endå eldre. Første gong byen nemnast er frå tida kring Sanherib tid, frå ca .750 f.Kr., i form av veggmåleri i Sanherib-palasset, oppdaga på haugen Tel Qwenjeq (Kuyunjik, Ninive) ved Mosul.
Om lag 3 km vest for byen ligg ruinane av Shayro Meliktha; her er restar av eit assyrisk tempel med eit relieff av Senherib som siktar med pil og bue.
Det er klippebustader langs henga over Alqosh, fordelt opp til toppen av fjellplatået. Dei er dekorert på liknande vis som dei ein har funne i andre koloniar under byen Ninive.
Alqosh og Elkosj
endreElkosj, fødestaden til profeten Nahum, kunne ifølgje ein hypotese sett fram i 1847 av assyriologen Austen Henry Layard, tilsvare dagens Alqosh. Han viste til at det i området er assyrikske klippebilete og dessutan eit vidkjend kloster, Rabban Hormuzd, med mange gamle patriarkgraver. Han var ikkje sikker i saka si, og det er andre som har oppført at Nahum si eiga skildring av heimstaden ikkje rimar så godt med Alqosh.
Klima
endreAlqosh har eit halvtørt klima (BSh) med ekstremt varme og tørre somrar, og kjølige, våte vintrar.
Vêrdata for Alqosh | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Gjennomsnittleg maks °C | 12 | 14 | 20 | 26 | 34 | 38 | 43 | 40 | 38 | 30 | 20 | 14 | 27 |
Gjennomsnittleg min °C | 2 | 4 | 8 | 11 | 16 | 21 | 25 | 24 | 20 | 14 | 6 | 4 | 13 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 39 | 69 | 51 | 27 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 6 | 36 | 60 | 288 |
Gns. dagar med regn | 10 | 10 | 11 | 9 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 5 | 8 | 12 | 65 |
Kjelde: World Weather Online (2000-2012) [1] |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Alqosh» frå Wikipedia på engelsk, og «Alqosh» frå Wikipedia på bokmål den 28. februar 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Alqosh, Ninawa Monthly Climate Average, Iraq». World Weather Online. Henta 22. januar 2017.