Gammalsyrisk
Gammalsyrisk (ܣܘܪܝܝܐ, suryāyā) er ein dialekt av austlege mellomarameisk som ein gong vart snakka over store delar av det området i Levanten som vert kalla den fruktbare halvmånen. Etter å ha oppstått ein gong kring 100-talet evt.[1] vart klassisk gammelsyrisk eit viktig litterært språk over heile Midtausten frå 300- til 700-talet,[2] det klassiske språket i Edessa, bevart i mykje assyrisk litteratur. Gammalsyrisk er som mellomarameisk eit språk i den nordvestlege greina av den semittiske språkfamilien.
Gammalsyrisk ܠܫܢܐ ܣܘܪܝܝܐ Leššānā Suryāyā [lɛʃʃɑːnɑː surjɑːjɑː] | ||
Klassifisering | Afroasiatisk Semittisk Sentral-semittisk Nordvest-semittisk Arameisk Aust-arameisk | |
Bruk | ||
Skriftsystem | Syrisk abjad | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | syc | |
ISO 639-3 | syc | |
Glottolog | clas1252
|
Gammalsyrisk vart bindemiddelet for syrisk ortodoks kristendom og den tilhøyrande kulturen, og spreidde seg gjennom Asia så langt som til den indiske Malabarkysten og til austlege Kina, og var uttrykksmiddelet for kommunikasjon og kulturell utbreiing for arabarar og til ein mindre grad for persarar. Som hovudsakleg eit kristent uttrykksmedium hadde gammalsyrisk ein fundamental kulturell og litterær innverknad på utviklinga av arabisk som kom til å erstatte gammalsyrisk som ein del av den islamske dominansen mot slutten av 700-talet. Gammalsyrisk har vorte verande det liturgiske språket til syrisk kristendom.
Gammalsyrisk er skrive med syrisk skrift, ei utleiing av arameisk skrift.
Skriftsystem
endreGammalsyrisk vert skrive med tre nærskylde alfabet: Estrangela, serto og nestoriansk. Her er ei oversikt over estrangela. Bokstavane tar forskjellige former etter posisjonen dei har i eit ord. Dei kan stå isolert, først, midt i eller sist i et ord. Nokre bokstavar vert ikkje knytt vidare i ordet, og formene midt i og sist i ord blir dermed like. Gammalsyrisk vert lese frå høgre mot venstre.
Lydverdi | Isolert | Sist, midt i, først |
---|---|---|
ʔ | ܐ | ܐ ـܐ ـܐ |
b, ḇ | ܒ | ܒـ ـܒـ ـܒ |
g, ḡ | ܓ | ܓـ ـܓـ ـܓ |
d, ḏ | ܕ | ܕ ـܕ ـܕ |
h | ܗ | ܗ ـܗ ـܗ |
w | ܘ | ܘ ـܘ ـܘ |
z | ܙ | ܙ ـܙ ـܙ |
ḥ | ܚ | ܚـ ـܚـ ـܚ |
ṭ | ܛ | ܛـ ـܛـ ـܛ |
y | ܝ | ܝـ ـܝـ ـܝ |
k, ḵ | ܟ | ܟـ ـܟـ ـܟ |
l | ܠ | ܠـ ـܠـ ـܠ |
m | ܡ | ܡـ ـܡـ ـܡ |
n | ܢ | ܢـ ـܢـ ـܢ |
s | ܣ | ܣـ ـܣـ ـܣ |
ʕ | ܥ | ܥـ ـܥـ ـܥ |
p, p̄ | ܦ | ܦـ ـܦـ ـܦ |
ṣ | ܨ | ܨ ـܨ ـܨ |
q | ܩ | ܩـ ـܩـ ـܩ |
r | ܪ | ܪ ـܪ ـܪ |
š | ܫ | ܫـ ـܫـ ـܫ |
t, ṯ | ܬ | ܬ ـܬ ـܬ |
Grammatikk
endreVerb
endreVerb er bygd opp av røter på tre eller fire konsonantar og mønster. Dei seks vanlegaste mønstera i gammalsyrisk er Peal (grunnform), Ethpeel (refleksiv-passiv), Pael (intensiv), Ethpaal (intensiv, refleksiv-passiv), Aphel (kausativ) og Ettaphal (kausativ, refleksiv-passiv).
Konjugasjonar
endreGammalsyriske verb vert bøygd i tre personar (1., 2., 3.), to tal (eintal/sg, fleirtal/pl), og to kjønn (maskulin, feminin).
√qrs “to become dried up” a-o |
Peal |
Ethpeel | ||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Suffikskonjugasjon |
Prefikskonjugasjon |
Suffikskonjugasjon |
Prefikskonjugasjon | |||||||
Sg |
3 |
m |
ܩܪܣ
|
qras |
ܢܩܪܘܣ
|
neqros |
ܐܬܩܩܣ
|
eṯqres |
ܢܬܩܩܣ
|
neṯqres |
|
|
f |
ܩܪܣܬ
|
qersaṯ |
ܬܩܪܘܣ
|
teqros |
ܐܬܩܩܣܬ
|
eṯqarsaṯ |
ܬܬܩܩܣ
|
teṯqres |
|
2 |
m |
ܩܪܣܬ
|
qrast |
ܬܩܪܘܣ
|
teqros |
ܐܬܩܩܣܬ
|
eṯqrest |
ܬܬܩܩܣ
|
teṯqres |
|
|
f |
ܩܪܣܬܝ
|
qrast |
ܬܩܪܣܝܢ
|
teqrsin |
ܐܬܩܩܣܬܝ
|
eṯqrest |
ܬܬܩܩܣܝܢ
|
teṯqarsin |
|
1 |
c |
ܩܪܣܬ
|
qerseṯ |
ܬܩܪܘܣ
|
ᵓeqros |
ܐܬܩܩܣܬ
|
eṯqarseṯ |
ܐܬܩܩܣ
|
ᵓeṯqres |
Ps |
3 |
m |
ܩܪܣܘ
|
qras |
ܢܩܪܣܘܢ
|
neqrsun |
ܐܬܩܩܣܘ
|
eṯqres |
ܢܬܩܩܣܘܢ
|
neṯqarsun |
|
|
f |
ܩܪܣ
|
qras |
ܢܩܪܣܢ
|
neqrsān |
ܐܬܩܩܣ
|
eṯqres |
ܢܬܩܩܣܢ
|
neṯqarsān |
|
2 |
m |
ܩܪܣܬܘܢ
|
qraston |
ܬܩܪܣܘܢ
|
teqrsun |
ܐܬܩܩܣܬܘܢ
|
eṯqreston |
ܬܬܩܩܣܘܢ
|
teṯqarsun |
|
|
f |
ܩܪܣܬܝܢ
|
qrastēn |
ܬܩܪܣܢ
|
teqrsān |
ܐܬܩܩܣܬܝܢ
|
eṯqrestēn |
ܬܬܩܩܣܢ
|
teṯqarsān |
|
1 |
c |
ܩܪܣܢ
|
qrasn |
ܢܩܪܘܣ
|
neqros |
ܐܬܩܩܣܢ
|
eṯqresn |
ܢܬܩܩܣܢ
|
neṯqres |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Gammelsyrisk» frå Wikipedia på bokmål, den 27. august 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- «The Syriac Language and Literature», i: Journal of Sacred Literature, New Series [Series 4] vol. 2 (1863) ss. 75–87
- Beyer, Klaus (1986): The Aramaic language: its distribution and subdivisions. Göttingen: Vandenhoeck und Ruprecht. ISBN 3-525-53573-2.
- Brock, Sebastian (2006): An Introduction to Syriac Studies. Piscataway, NJ: Gorgias Press. ISBN 1-59333-349-8.
- ↑ «Ancient Scripts: Syriac»
- ↑ Beyer, Klaus; John F. Healey (overs.) (1986): The Aramaic Language: its distribution and subdivisions. Göttingen: Vandenhoeck und Ruprecht. ISBN 3-525-53573-2. ss. 44.