Alrekssønene Yngve/Ingjald og Alv var samkongar i Ynglingeætta. Alv er far til Hugleik, medan Yngve er far til Jorund og Eirik Dei er omtala i Ynglingesoga, og i Den eldste Noregshistoria (Historia Norvegiæ), forutan i Ynglingatal. I Historia Norvegiæ har Yngve namnet Ingjald.

Snorre Sturlason fortel at Yngve var den store hærmannen, "ovende sigersæl, væn og ein stor idrottsmann, sterk og djerv i slahe, raust på hand og gladværug". Alv var motsett, "tagal, rådrikin og gretten". Mor til Alv var ein Dageid, dotter av Dag den mektuge. Han var gift med Bera, som openbert var meir oppteken av Yngve, og ein kveld han kom heim frå ferd, vart det til at han vart sitjande i lag med Bera, medan Alv la seg tidleg. Soleis kom Bera til å rø mykje med Yngve, og Alv mislika dette sterkt. Bera sa då at det var betre å vera gift med Yngve enn med Alv, og dette vart Alv harm for.

Ein kveld drog Alv sverd mot bror sin, og stakk det gjennom Yngve. Yngve drog sitt sverd og drap Alv. Dei døydde båe to i same stunda, og er hauglagde på Fyrisvollane.

Tjodolv frå Kvine seier:

Daud laut han liggja,
drepin av Alv,
herren som vaktar
på heilagdomen,
då kongen ovundssjuk
mot Yngve fór,
og med blodut sverd
til bane stakk han.
Harmelegt var det
at hovdingar djerve
dronningi skulde
til dråp eggja,
då bror gav bror
banehogg
åbruige
i utrengsmål.

Hugleik, son av Alv, rådde for riket i åra etter.

Historia Norvegiæ endre

Ingjald (Yngve) er her son av Agne, og forteljinga seier berre at han vart drepen av bror sin for di han krenkte kona hans, Bera (Ursa). Namnet på broren er ikkje kjend i denne framstillinga.

Brordrapet som er skildra her, følgjer spådomen om at frende støtt skulle drepa frende i Ynglingeætta. Nokre forskarar har samanført Alv-namnet med vestgotarhovdingen Athaulf, som vart drepen av ein frende. Han etterfølgde Alarik (Alrek). Elles kunne namnet Alv knytast til naturvetta med same namn, nært bunde saman med vanekulten og dyrkinga av Frøy, som er opphavet til heile ynglingeætta.