Alarik I
Alarik (opphavleg gotisk Alareiks, latin Alaricus) eller Alarik den djerve var konge over vestgotarane frå om lag 395 til 410.[1] Han er rekna som den første verkelege kongen i den visigotiske kongerekka.
Alarik I | |||
| |||
Fødd | ca. 4. hundreåret Peuce | ||
---|---|---|---|
Død | desember 410 Cosenza | ||
Nasjonalitet | ingen verdi | ||
Yrke | monark, militær leiar | ||
Ektefelle | Anonyma | ||
Barn | Pelagia |
Tidleg styre
endreAlarik hadde fått militær trening i den romerske hæren i åra før 395. Han vart rekna som ein god hærførar og hadde svore truskap mot keisar Theodosius. Han førte 20 000 gotarar i Slaget ved Frigidus i september 394, under leiing av Theodosius, men fekk korkje takk eller løn av keisaren for det. Den gotiske avdelinga vann ein viktig fjellovergang for keisaren, og 10 000 gotarar fall i kampen. Alarik vart verande under Theodosius til denne døydde i januar 395, og sambandet mellom romarar og gotarar vart brote av den nye vestkeisaren Honorius.
På same tid vart Thrakia herja av hunarane, og gotarane var dei første til å merke trugsmålet frå dei. Samstundes vart det klårt av den romerske styresmakta ikkje gav dei hjelp, og dei vart meir og meir pressa. Faren var at gotarane skulle kome til opprør på same vis som i 376. Alarik hadde fått skjenkt seg Thrakia som bustad, og laut no verja landet med sine eigne folk. Utpå året 395 samla Alarik ein hær og gjekk mot Konstantinopel, mest for å få i stand ei ny avtale om land med keisaren Arcadius. Han vart møtt av den romerske utsendingen Rufinus, og det vart avtala at folket til Alarik skulle få bu og verja Illyria, og Alarik vart oppnemnd som Magister militum per Illyricum, ein høg grad i den romerske hæren.
Frå då av og noko frametter heldt visigotane seg i Illyria. I åra som følgde kom det mange gonger mest til slag som vart avverja i siste liten, gjennom godt diplomati frå hærføraren Stilicho, ein vandalhovding som var øvste førar for hæren i Vestromarriket.
Våren 397 rekna romarane både Alarik og hunarane som trugsmål, og Stilicho og Alarik møttest og heldt seg unna kvarandre etter avtale. Same år gjorde Alarik ei avtale med Arcadius, der Alarik attåt Illyria fekk rå for Makedonia. Keisaren i Konstantinopel gav alt rådvelde over til Alarik ved eit dictum av 9. juni 397. Frå då av vart han rekna som konge for visigotane.
Hausten 401 braut Alarik pakta med romarane. Grunnen var mellom anna at Stilicho hadde fulle hender lenger vest, og kunne ikkje rå med Alarik nett då. Vandalane og alanane hadde brote inn i Raetia, og visigotane kunne gå på hærtog inn i Italia. Der møtte dei austgotarane, og saman herja dei nord i landet utover hausten. Dei heldt seg på Posletta til våren året etter. Somme historikarar har drøfta om Alarik var ved å gå inn i Gallia på denne tida. Alarik var i alle høve ved å gå mot Roma alt då. Dei vart stogga av Stilicho påskedagen, 402, og Alarik drog folket sitt attende frå Italia. Det vart fleire slike slag i åra som følgde.
Plyndringa av Roma
endreVåren 408 truga Alarik med å gå mot Italia att, og kravde ei bot på 288 000 solidi for å halde seg frå det. I august same året vart Stilicho avretta på mistanke, og i redsla som følgde, reinska keisar Honorius ut ei mengd med germansk-romerske embetsmenn i høge stillingar. Mange andre rømde til Alarik, mellom dei 30 000 trente soldatar som hadde vore i teneste hjå Stilicho. På denne tida tinga Alarik framleis med Honorius, men braut tingingane og gjekk inn i Italia. Dei gjekk gjennom Italia på ein månad, i oktober 408. Same hausten omlægra han Roma. Byen vart heilt avskoren frå omverda, men keisaren som sat i Ravenna nekta å koma til hjelp. Pave Innocens I tok på seg å føre ordet mellom keisaren og Alarik, og fór i diplomatiske sendeferder heile vinteren utan nytte. Alarik kravde mellom anna at keisaren skulle gje gotarane rettane sine, og at det skulle vera æveleg fred mellom romarar og gotarar. Dette vart oppnått i ein mon, og Alarik sette opp vinterlæger i Toscana.
Det var tydeleg at Honorius ikkje var vidare innstild på å tinge med gotarane. Paven gjekk personleg imellom, men keisaren ville ikkje gjera nokon fredsavtale trass i alle freistnader på det. Alarik firte på krava, noko som fekk romarane til å tru dei kunne bryte tingingane heilt. Då dette hende, gjekk Alarik mot Roma att. Han freista å få ei avtale med det romerske senatet, og fekk dei til å kåre senatoren Attalus til keisar i staden for Honorius. Han hadde òg freista å få til ei fredeleg løysing sidan 408.
Første halvåret i 410 vart nytta på fleire hærtog gjennom Italia og meir diplomati. Alarik møtte keisaren personleg, og Alarik kravde at gotarane skulle få bu i Italia. Nett då var det at ein Sarus gjekk til åtak på gotarhæren med 300 mann, og Honorius fagna han for det. Han drog seg frå tingingane med Alarik, som gjekk mot Roma med det same.
Roma vart endeleg teken 24. august 410. Gotarane plyndra byen i tre dagar. Mange av dei rikaste skattane i byen, mellom dei byttet etter toget mot Jerusalem, vart tekne av gotarane.
Sigeren over Roma førte Alarik lenger sør, men han døydde same hausten.[1] Han skal ha vorte gravlagd på botnen av Busentoelva, som folket hans endra leie på ei kort tid,[1] saman med alle skattane han fekk med seg frå Roma. Svogeren Athaulf tok over som konge for visigotane.
Arven etter Alarik
endrePlyndringa av Roma vart lenge rekna som byrjinga på mellomalderen i Europa. Augustin tok utgangspunkt i hendinga då han skreiv de Civitate Dei eller Gudsstaten.
Namnet «Alarik» kan kjennast att som Alrek i germanske segner (ei mogleg minning kan finnast i Ynglingesoga). Motivet med skatten som vart gravlagd i elva kan ha påverka segna om Rhingullet.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Alarik 1» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 2. mai 2014.
- Jordanes (1932). Gotesoga. Oslo: Det norske samlaget. [Omsett frå latin av Sigmund Skard]
- Herwig Wolfram (1990). History of the Goths. Oakland: University of California Press. ISBN 0-520-06983-8.
- Augustin av Hippo (1871). The city of God. Glasgow. [Originaltittel: De Civitate Dei contra Paganos. Omsett til engelsk av Marcus Dods]