Alterklede

(Omdirigert frå Alterduk)

Alterklede eller altarklede er ulike klede som dekkjer alter i kristne kyrkjer. Slike klede kan ha ulik utforming og funksjon etter kva type klede det er og kva type kyrkje dei blir brukt i, kva tid ein er på i kyrkjeåret og om ein held gudsteneste eller ikkje. Ein kan bruka eitt eller fleire klede oppå kvarandre til å dekkja alteret.[1]

Alterklede broderte med tekst i Tanzstatt-kapellet i Steiermark.
Anglikansk alter i England med ein enkel kvit alterduk som heng ned på kvar side.
Kniplingar på ein alterduk.

Alterduk endre

Kledet som ligg øvst når ein held gudsteneste blir gjerne kalla ein alterduk. Denne er gjerne kvit og ofte av lin. Kanten kan vera pynta med broderi eller kniplingar, og heng ofte eit stykke ned langs ei eller fleire sider. I Noreg har desse dukane til dømes ofte vore pynta med hardangersaum.

 
Saksisk antependium frå ca. 1380. Brodert med lin og silke på ufarga lin.

Øvrige alterklede endre

Kledet eller kleda som ligg under og heilt eller delvis dekkjer sidene av alteret er det ein gjerne reknar som «alterklede». Desse er ofte farga, gjerne i liturgiske fargar, og kan vera rikt dekorerte. Eit alterklede som heng framfor alteret kan også kallast antependium.

Skikkar i ulike kyrkjer endre

 
Kvit alterduk med raudt alterklede over på alter i den katolske domkyrkja i Frombork i Polen.

Den katolske kyrkja har påbod om å dekkja alter med minst eitt kvitt klede som dekkjer heile bordplata. Denne duken skal helst henga ned på begge kortsidene av alteret, og kan ha ein kant som heng nedfor bordplata på fram- og eventuelt baksida. Under duken kan ein ha eitt eller to tyngre alterklede.[2] Som regel skal alteret ha tre klede over seg før ein kan halda messe. Eitt av kleda kan brettast og leggjast dobbelt slik at ein berre treng bruka to ulike klede. Eit tilleggklede som også kan brukast er chrismale, ein voksduk av lin som ligg mellom alter og linduk som vern mot flekkar.[3] Ein enkel duk kan dekkja alteret når det ikkje er i bruk. Alterkleda blir normalt berre tekne av til skjærtorsdag og langfredag.[2]

 
Russisk-ortodoks i Ingria kledd i svarte alterklede på langfredag.

I den ortodokse og den austleg-katolske kyrkja dekkjer ein alter først med eit kvitt linklede (gresk katasarkion, slavonsk strachítsa) som ikkje blir teke av etter at alteret er innvigd. Deretter blir alteret dekt med eit dekorert klede (indítia) som kan byttast ut. Dette klede er ofte i brokade og har den liturgiske fargen ein er komen til i kyrkjeåret. Dette ytre kledet rekk vanlegvis ned til golvet. I mange kyrkjer dekkjer ein til alteret når det ikkje er i bruk, ofte med eit enkelt raudt klede. Alter som allereie er rikt ornamenterte kan ha mindre brokadeklede over bordplata.

Symbolikk endre

Symbolsk kan alterklede stå for likkleda Kristus blei svøypt i etter krossfestinga, dei truande eller reinleiken og trua deira.[3] I den ortodokse kyrkja står det dekorerte alterkledet for Guds trone.[4]

Kjelder endre

  1. «altar», Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Online. Encyclopædia Britannica Inc., 2014.
  2. 2,0 2,1 «Criteria for Preparing the Altar», Zenit (1 MARCH 2011)
  3. 3,0 3,1 «Altar Cloths», The Catholic Encyclopedia, newadvent.org
  4. Isabel Hapgood. Service Book of the Holy Orthodox-Catholic Apostolic Church (Antiochian Orthodox Christian Archdiocese, 1975), p. 614. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.