Aluma
Aluma (hebraisk skrift אֲלֻמָּה eller אלומה, tyder Nek) er ein haredisk fellesbusetnad sør i Israel. Han ligg i sør på kystsletta kring tre kilometer nordvest for Kiryat Gat og høyrer til Shafir regionale kommune. I 2012, hadde han 479 innbyggjarar.[1]
Aluma | |||
אֲלֻמָּה, Alumma | |||
landsby | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Den sørlege kystsletta, | ||
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Kommune | Shafir | ||
Koordinatar | 31°39′4.67″N 34°44′37.31″E / 31.6512972°N 34.7436972°E | ||
Folketal | 479 (2012)[1] | ||
Grunnlagd | 1965 | ||
• Grunnlagd av | Agudat Yisrael-medlemmar | ||
Aluma 31°39′05″N 34°44′37″E / 31.651297222222°N 34.743697222222°E | |||
Kart som viser Aluma.
| |||
Wikimedia Commons: Aluma |
Landsbyen vart grunnlagd i 1965 som ein ungdomslandsby kalla Hazon Yehezkel av ei gruppe kalla Mosadot Hinukh Ezuri (tyder Institutt for regional utdanning), som bestod av unge medlemmar av Agudat Yisrael. Han vart bygd på land som tidlegare hadde høyrt til den avfolka arabiske landsbyen Hatta. I 1996 vart namnet endra til Aluma.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Aluma» frå Wikipedia på engelsk, den 13. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 7. september 2015.