Alutiiq, eller sugpiaq, er eit sørleg yupik-språk som blir snakka i området frå Alaska-halvøya til Prins Williams-sundet, og på Kodiak-øya. Det er ca. 3000 alutiiqar, ca. 400 av dei snakkar framleis alutiiq, og desse høyrer til mellomgenerasjonen og den eldre generasjonen. Alutiiq er med andre ord eit utryddingstruga språk.

Alutiiq/sugpiaq
Klassifisering eskimoisk-aleutisk
 eskimoisk
  yupik-språk
   alutiiq
Bruk
Tala i Alaska (USA)
Skriftsystem Det latinske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-3 ems

Yupikfolket som talar språket kallar seg sjølv sugpiaq, av suk «person» og tilhengaren -piaq «verkeleg». Namnet alutiiq kjem frå ei russisk form av «aleutiske», russarane kalla alle som budde i området frå Attu til Kodial for aleutar.

Dialektar

endre

Alutiiq har to dialektar, koniag og chugach.

Forskingshistorie

endre

Det vart gjort ein del arbeid på alutiiq av russiske munkar før 1807, men dette arbeidet er ikkje bevart. Moderne arbeid om alutiiq er Irene Reed sitt arbeid frå byrjinga av 1960-talet og Jeff Leer sitt arbeid frå og med 1973.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.