Alva Myrdal

svensk diplomat

Alva Myrdal (fødd Reimer) (31. januar 19021. februar 1986) var ein svensk diplomat, politikar, og vinnar av Nobels fredspris. Ho var gift med økonomiprisvinnaren Gunnar Myrdal, og dei fekk fleire born saman; m.a. professoren Jan Myrdal.

Alva Myrdal

Fødd31. januar 1902
Uppsala domkyrkoförsamling
Død1. februar 1986
Danderyds församling
NasjonalitetSverige
Yrkediplomat, politikar, sosiolog, skribent
InstitusjonarDei sameinte nasjonane
Alma materUppsala universitet
Stockholms universitet
EktefelleGunnar Myrdal
BarnJan Myrdal, Sissela Bok, Kaj Fölster
MedlemInternasjonal Kvinneliga for Fred og Fridom

Biografi endre

Alva Reimer vart fødd i Uppsala og voks opp som eldste barnet i ein velståande familie som flytte fleire gonger i Alva sin oppvekst. Etter obligatorisk skulegang studerte ho m.a. psykologi og familiesosiologi. Ho studerte også i USA saman med mannen, Gunnar Myrdal, og dei flytte seinare til Geneve. Ekteparet Myrdal var skeptiske til dei låge fødselstala i den vestlege verda i dei harde 1930-åra, noko dei debatterte i den omstridde boka deira, Kris i befolkningsfrågan frå 1934. Boka er omstridd fordi ho m.a. stiller seg positiv til tvangssterilisering. Hovudtanken i boka er likevel å gjera oppsedinga lettare ved hjelp av reformer som gratis nistepakke på skulen, gratis helseteneste for born og så vidare Alva Myrdal skreiv vidare. Dette er reformer som har vunne fram i Sverige i dag. Alva Myrdal skreiv om liknande tematikk i Stadsbarn (1935) og Nation and Family (1941); utgjeven frå USA.

Frå 1936 - 1947 var Alva Myrdal studierektor ved Socialpedagogisk Seminar. Frå og med 1949 hadde ho fleire verv innan SN, og i 1950-åra var ho svensk ambassadør i India. I 1960-åra var ho møteleiar for den svenske riksdagen, og ho vart tilsett som konsultativ statsråd i utanriksdepartementet i 1966. I 1969 overtok ho som kyrkjeminister etter Olof Palme.

I 1961 vart Alva Myrdal medarbeidar til utanriksminister Östen Undén med særskilt ansvar for nedrusting. Frå 1962 til 1973 var ho ordførar i den svenske delegasjonen i nedrustingskonferansen i Geneve. Ho skreiv om dette arbeidet i boka Spelet om nedrustningen frå 1973. Alva Myrdal var motstandar av atomvåpen, og røysta også mot atomkraft i den svenske folkerøystinga i 1980. For innsatsen sin mot nedrusting fekk ho Nobels fredspris i 1982 saman med ein av inistiativtakarane bak Tlatelolco-traktaten; Alfonso García Robles.

Alva Myrdal var også engasjert i kvinnesaka, og var fleire gonger formann i Yrkeskvinnornas Riksförbund. I boka Kvinnans to roller (1957) med Viola Klein drøftar ho likestilling mellom kjønna.

Kjelder endre