Opna hovudmenyen

Alfonso García Robles

meksikansk diplomat

Alfonso García Robles (20. mars 19112. september 1991) var ein meksikansk diplomat, politikar og vinnar av Nobels fredspris i 1982.

Alfonso García Robles
Alfonso Garcia Robles 1981.jpg
FøddJosé Alfonso Eufemio Nicolás de Jesús García Robles
20. mars 1911
Zamora
Død2. september 1991
Mexico by
NasjonalitetMexico
Yrkediplomat, skribent, advokat, politikar
InstitusjonarDei sameinte nasjonane
Alma materUniversidad Nacional Autónoma de México
MedlemColegio Nacional

BiografiEndra

Alfonso García Robles voks opp i byen Zamora i delstaten Michoacán i Vest-Mexico. Han studerte jus ved Universidad Nacional Autónoma de México før han vart tilsett ved utanrikstenesta i Mexico i 1939. Her jobba han fram til 1946. I 1945 var han delegat for Mexico ved konferansen i San Fransisco som oppretta dei sameinte nasjonane. Frå 1946 - 1957 var han sjef for den politiske avdelinga i SN-sekretariatet, og etter dette vart han på nytt tilsett for utanrikstenesta.

Frå 1962 - 1964 var han ambassadør for Brasil, og frå 1964 til 1970 var han statssekretær for utanriksdepartementet. Robles var ei av drivkreftene til Tlatelolco-traktaten, som vedtok at Latin-Amerika og Karibia skulle vera atomvåpenfri sone. Avtalen vart underskriven i 1967 og endeleg sett i verk i 1969.

Frå 1971 til 1975 var Robles Mexico sin faste representant i SN, og i 1972 vart han eit medlem av heidersakademiet Colegio Nacional. I 1975 - 1976 vart han utanriksminister i Mexico, og same året vart han utnemnt til permanent representant i nedrustningskonferansen UNCD.

I 1982 vart Alfonso García Robles tildelt Nobels fredspris saman med den svenske politikaren og diplomaten Alva Myrdal. Både Myrdal og Robles fekk prisen for sin innsats med Tlatelolco-traktaten. Robles døydde i 1991, og i 2003 vart namnet hans rissa inn i heidersmuren ved Palacio Legislativo de San Lázaro, hovudkvartera til den meksikanske kongressen.

KjelderEndra