Tlatelolco-traktaten

Tlatelolco-traktaten er ein internasjonal avtale som slår fast at Latin-Amerika og Karibia er ei kjernevåpenfri sone. Traktaten forbyr både testing, lagring, eigarskap og framstilling av atomvåpen i dette området.

Avtalen vart underskriven 14. februar 1967 i Tlatelolco i Mexico, og vart endeleg sett i verk 25. april 1969. Sjølv om Antarktistraktaten vedtok atomvåpenfri sone i Antarktis i 1961, var denne den fyrste avtalen som skipa ei atomfri sone i eit stort, busett område.

Nesten alle landa i Latin-Amerika, pluss Jamaica og Trinidad og Tobago skreiv under på avtalen i 1967, og ratifiserte han innan 1972. Argentina og Cuba skreiv ikkje under; Cuba gjorde dette fyrst i 1995. Argentina ratifiserte endeleg avtalen i 1994, og Cuba så seint som i 2002. På grunn av dette var ikkje Argentina verna av avtalen under Falklandskrigen. Også tidlegare koloniar skreiv under og ratifiserte traktaten etter kvart som dei vart sjølvstendige.

Traktaten har to tilleggsavtalar: den eine bind Sambandsstatane, Storbritannia og Nederland i deira oversjøiske eigedommar i traktatsområdet. Den andre tilleggsavtalen forbyr Frankrike, Folkerepublikken Kina og Russland fra å omgå traktaten.

To av initiativtakarane bak traktaten, Alfonso García Robles og Alva Myrdal, vart tildelt Nobels fredspris i 1982 for innsatsen deira med han.

Kjelder endre

  • Tlatelolco-traktaten frå Bokmålswikipedia og Engelsk Wikipedia den 27. desember 2011.