Olof Palme
Sven Olof Joachim Palme (30. januar 1927–28. februar 1986) fødd på Östermalm i Stockholm, var ein svensk sosialdemokratisk politikar som var statsmnister frå 1969 til 1976 og frå 1982 til 1986.
Olof Palme | |
![]() | |
Statsminister i Sverige | |
Periode | 14. oktober 1969–8. oktober 1976 8. oktober 1982–28. februar 1986 |
---|---|
Parti | Sveriges socialdemokratiska arbetareparti |
Fødd | 30. januar 1927 på Östermalm i Stockholm |
Fødestad | Stockholm, Svea artilleriregementes församling |
Død | 28. februar 1986 på Sveavägen i Stockholm |
Dødsstad | Sveavägen |
Mor | Elisabeth Sophia von Knieriem |
Far | Gunnar Palme |
Ektefelle | Lisbet Palme |
Føregangar | Tage Erlander Thorbjörn Fälldin |
Etterfølgjar | Ingvar Carlsson Thorbjörn Fälldin |
Palme vart skoten på Sveavägen sentralt i Stockholm den 28. februar 1986. Palmemordet og etterforskinga etterpå var eit nasjonalt traume for Sverige som i lang tid sette sitt preg på samfunnsdebatten. I 1989 vart den uføretrygda rusmisbrukaren Christer Pettersson funne skuldig i mordet og dømd til livsvarig fengsel, men allereie nokre månader seinare vart han frifunnen på grunn av manglande prov og feil i samband med etterforskninga. Framleis er ingen dømd for mordet.
KarriereEndra
Palme var konsultativ statsråd 1963-1965, kommunikasjonsminister 1965-1967, utdanningsminister 1967-1969, statsminister 1969-1976 og 1982-1986. Han var partileiar frå 1969 til 1986. Olof Palme var utdanna som jurist.
Han var den siste statsministeren som vart titulert «excellens» i (1970).
Olof Palme kom frå ein overklasse-bakgrunn og budde i oppveksten på Östermalm i Stockholm.