Alvefeltet
Alvefeltet er eit naturgass- og kondensatfelt i Norskehavet som er knytt opp til produksjonsskipet Norne som eit satellittfelt. Alve ligg 16 km sørvest for Norne. Gassen frå Alvefeltet vert produsert ved hjelp av undervassinstallasjonar.
Alvefeltet | |
---|---|
Informasjon | |
Operatør | Statoil |
Produksjon | Naturgass og kondensat |
Tilknytt terminal | Kårstø |
Funnår | 1990 |
Oppstart | 19. mars 2009 |
Geografi og geologi | |
Plassering | Norskehavet, 16 km sørvest for Nornefeltet |
Koordinatar | 66°01′N 7°54′E / 66.01°N 7.9°E
|
Havdjupne | 370 m |
Reservoardjupne | 3600 m |
Reservoarbergart | Sandstein av jura alder |
Rettshavarar | |
Statoil 85 % Dong E&P Norge 15 % |
Alvefeltet vart oppdaga i 1990 og førte til at det større Nornefeltet vart oppdaga to år seinare, i 1992. Produksjonen av Nornefeltet starta alt i 1997. Produksjonen på Alve starta 19. mars 2009. Med Alvefeltet og andre funn i området vart levetida til Norne utvida frå 2016 til 2021. Feltet består av formasjonane Garn, Not, Ile og Tilje, og funna ligg i Garn- og Notformasjonane.
Utvinnbare reservar var per 2012 rekna til kring 5,7 milliardar kubikkmeter gass, 11,9 mill. fat olje og 1,1 mill. tonn NGL.
Kjelder
endre- Alve på statoil.com Arkivert 2010-02-13 ved Wayback Machine.
- Fakta 2013 Norsk petroleumsverksemd Arkivert 2013-08-09 ved Wayback Machine.