Alzheimers sjukdom

(Omdirigert frå Alzheimers)

Alzheimers sjukdom, Alzheimers demens eller berre Alzheimer(s) er ein hjernesjukdom som er blant dei vanlegaste grunnane til utvikling av demens. Sjukdommen medfører at nerveceller i hjernebarken og djupare delar av hjernen endrar seg og døyr. Dette fører til hjerneatrofri, at hjernen blir mindre, og pasienten vil gradvis få stadig meir nedsett kognisjon, til dømes sviktande minne og andre kognitive evner, som tap av gjenkjenningseven, rørsleevne eller språk. Demens kan ha ulike årsaker, men ved Alzheimer vil sjukdomsforløpet medføra ei gradvis forverring.

Alzheimers sjukdom

Auguste D., den første pasienten med sjukdommen som Alois Alzheimer skildra.
Klassifikasjonar og ressursar
ICD-9-kode:331.0, 290.1
ICD-10-kode:G30, F00
OMIM104300
DiseasesDB490
MedlinePlus000760
eMedicineneuro/13
MeSHD000544
MeSHD000544
Samanlikning av ein normalt aldra hjerne (venstre) og hjernen til ein Alzheimer-pasient (høgre). Forskjellane er markert.

Sjukdomsforløpet tek fleire år, men vil til slutt føra til at pasienten blir pleietrengande og til sist døyr. Typisk vil ein pasient leva 4-10 år frå ein stiller diagnosen, men dette kan variera.

Ein har større sjanse for å utvikla Alzheimer med alderen, men sjukdommen kan også debutera tidleg i livet. Alzheimers sjukdom råker rundt 3 % av alle over 65 år, og 12–15 % av alle som er over 80.

Førebygging og behandling endre

Medisinen har ikkje funne solide førebyggjande tiltak eller behandlingsmåtar for Alzheimers sjukdom. Diabetes, høgt blodtrykk, høgt blodkolesterol og røyking er knytt til høgare risiko for å utvikla sjukdommen, medan ein livsstil som er sunn for hjarte og blodkar er knytt til lågare risiko. Bruk av hjernen til intellektuelle oppgåver som lesing, brettspel, kryssord, sosial omgang eller å spela musikkinstrument medfører også lågare risiko. Også nokre medikament, som betennelsesdempande middel og østrogentilskot for kvinner, kan redusera risikoen, men truleg berre ved å utsetja utviklinga av han.

Visse medikament kan redusera symptom på sjukdommen. Ved å hemma nedbrytinga av acetylkolin blir meir av dette stoffet tilgjengeleg for pasienten, og funksjonar som bruker denne transmittoren kan betrast. Tilstanden kan også betrast ved ulike tiltak i dagleglivet og gjennom å la pasientar få variert stimulering.

Kjelder endre

«Alzheimers sykdom» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Alzheimers sjukdom