Amaliáda
Lokalt namn Αμαλιάδα

Geografi
Amaliáda is located in Hellas
Amaliáda (Hellas)
Stad Peloponnes
Koordinatar 37°48′N 21°21′E / 37.800°N 21.350°E / 37.800; 21.350

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Kommune
Vest-Hellas
Ilía
Ílida
Hovudsete Amaliáda (16 841 innb.)
Demografi
Folketal 26 315 (2021[1])

Amaliáda (gresk Αμαλιάδα), eldre form Amalias, er ein by og ein tidlegare kommune på Peloponnes i Hellas. Frå 2011 er han ei kommunaleining i kommunen Ílida i periferieininga Ilía i periferien Vest-Hellas og hovudsete i kommunen.[2] Byen ligg like sør for elva Piniós, 80 km frå Pátra, 20 km frå Pýrgos og 291 km frå Aten. Byen er den nest største i Ilía og den vestlegaste byen på Peloponnes.

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunaleininga Amaliáda 26 315 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 16 841 innbyggjarar.[1]

Amaliáda er kalla opp etter Dronning Amalia og vart grunnlagd då to mindre kommunar, Kalítsa og Dervís Tselépi, vart slått saman i 1830.

Referansar

endre

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelde

endre