Amanda

kvinnenamn
Denne artikkelen handlar om kvinnenamnet. For sikkerheitskopieringssystemet, sjå AMANDA.

Amanda er eit kvinnenamn av latinsk opphav. Det har namnedag den 26. oktober. Amanda tyder 'elskeleg' og er avleidd av det latinske verbet amare, 'å elska'. Amandine er ei fransk kjæleform av Amanda. Manda og Mandy er kortformer, medan Aimée og Amy er nærskylde namn.

Forfattaren Amanda Smith.
Forfattaren Amanda Stern.

Namnet blei danna på 1600-talet, truleg etter modell av Miranda, og ikkje det mykje eldre mannsnamnet Amandus (som likevel har same opphav). Namnet blei mykje brukt i skodespel, mest kjend i Love's Last Shift (1696) av Colley Cibber.

Frå 1800-talet var namnet i vanleg bruk som kvinnenamn. I Noreg har namnet hatt brukstoppar ved slutten av 1800-talet og i dei to tiåra rundt 2000. I 2009 var det 2 303 kvinner i Noreg som heitte Amanda. Namnet er mykje brukt i Finland, og er også vanleg i Sverige og USA.

Namneberarar endre

Annan bruk endre

Kjelder endre