Amazonas i Peru
Amazonas i Peru er ein region i det nordlege Peru med grense mot Ecuador. Han har grenser mot Cajamarca-regionen i vest, mot San Martín-regionen i aust, Loreto-regionen i nordaust og La Libertad-regionen i sør.
Amazonas | |||
region | |||
|
|||
Land | Peru | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Chachapoyas | ||
Areal | 39 249,13 km² | ||
Folketal | 433 717 (1. januar 2023)[1] | ||
Amazonas i Peru 6°13′S 77°51′W / 6.22°S 77.85°W | |||
Kart som viser Amazonas i Peru.
| |||
Wikimedia Commons: Amazonas Region |
Folkesetnaden var om lag 380 000 i 2017, arealet er 39 249 km². Hovudstaden er Chachapoyas.
Politisk inndeling
endreRegionen er delt inn i sju provinsar med til saman 83 distrikt.
Provins (hovudstad):
- Bagua (Bagua)
- Bongará (Villa de Jumbilla)
- Chachapoyas (Chachapoyas)
- Condorcanqui (Santa María de Nieva)
- Luya (Lamud)
- Rodríguez de Mendoza (Mendoza)
- Utcubamba (Bagua Grande)
Geografi
endreDet er to hovudtypar av landskapsformer i Amazonas-regionen, lågtliggande regnskog i nord og i aust og høgfjell i sør. Den lange djupe Marañón-dalen kryssar ein stor del av regionen og vidar seg ut i nordleg retning mot Bagua, kor han lengre nord smalnar inn gjennom Eastern Cordillera før han endar ned i regnskogen. Utcubamba-dalen kjem inn på tvers frå aust (frå Chachapoyas og Rodríguez de Mendoza) før han endar ned i Marañón. Utcubamba utgjer det viktigaste område for busetnad og produksjon i regionen.
Historie
endreForsvunne arkeologiske sentera i regnskogen dukkar opp som vitnesbyrd på menneskeleg aktivitet i område i fjerne tider. Mange kulturar frå tida før spanjolane kom i 1532 har blomstra i dette område, og det står att mykje forsking og utgreiing av uløyste spørsmål. Kuélap-fortet er det mest representative monumentet frå tida før 1532. Det er eit svært byggverk av militær arkitektur som syner kva nivå folket i sivilisasjonen rakk opp til.
Chachapoyaskulturen utvikla seg i inkatida og stod i sterk opposisjon til Tawantinsuyu ved å motstå første freistnad frå inkaene på å inkludere regionen i inkariket.
Byen Chachapoyas vart tufta i 1538 av Alonso de Alvarado. I same året vart den første kyrkja reist. Seinare vart kyrkjene Santa Ana, San Lázaro og Señor de Burgos bygd. I april 1821 tok innbyggjarane i byen saman med frigjeringshæren åt San Martín makta ved å drive ut spanjolane og ignorere deira autoritet.
Regionen var sentral og sterkt knytt til frigjeringsrørsla. Den geistlege Toribio Rodríguez de Mendoza var den mest framståande representanten i rørsla som oppmuntra patriotane og signerte fridomserklæringa.
Krigen mellom Peru og Ecuador i 1981 vart utkjempa i fjellområdet Cordillera del Condor.