Den politiske inndelinga av Peru i regionar har endra seg frå tid til anna etter at nasjonen fekk sjølvstende frå Spania i 1821. Grunngjeving for endringar har vore desentralisering av administrasjon og auke i folkesetningar, særleg i Lima.

Noverande inndelingEndra

Frå november 2002 finst det 25 regionar (regiones; singular: región). Dei er vidare delt inn i 194 provinsar som igjen er delt inn i 1821 distrikt i Peru.

Limaprovinsen ligg sentralt på kysten av landet er unik på det viset at han ikkje høyrer til ein av dei 25 regionane. Lima metropol, nasjonshovudstaden, ligg i denne provinsen.

Hamnebyen Callao derimot er både ein region og ein provins (Den konstitusjonelle provinsen Callao) i Peru.

  1. Tumbes (Tumbes)
  2. Piura (Piura)
  3. Lambayeque (Chiclayo)
  4. La Libertad (Trujillo)
  5. Ancash (Huaraz)
  6. Lima (Huacho)
  7. Callao (Callao)
  8. Ica (Ica)
  9. Arequipa (Arequipa)
  10. Moquegua (Moquegua)
  11. Tacna (Tacna)
  12. Cajamarca (Cajamarca)
  13. Huánuco (Huánuco)
  14. Pasco (Cerro de Pasco)
  15. Junín (Huancayo)
  16. Huancavelica (Huancavelica)
  17. Ayacucho (Ayacucho)
  18. Apurímac (Abancay)
  19. Cuzco (Cuzco)
  20. Puno (Puno)
  21. Amazonas (Chachapoyas)
  22. San Martín (Moyobamba)
  23. Ucayali (Pucallpa)
  24. Madre de Dios (Puerto Maldonado)
  25. Loreto (Iquitos)    *     Limaprovinsen (Lima)

BakgrunnsstoffEndra