Freskomåleri

(Omdirigert frå Fresko)

Freskomåleri eller freske er vegg- og takmåleri på mur, gjort med vassfarge medan murpussen av kalkmørtel framleis er ny og våt. Pussinga av muren må soleis gjerast i samarbeid med kunstmålaren, slik at kunstmålaren kan gjere ferdig sitt arbeid før pussen er herda og tørr. Det kan såleis ikkje dekkjast større flater med murpuss om gangen enn at kunstmålaren kan halde tritt med muraren, og på større flater med veggmåleri vil ein difor ofte kunne registrere grensene mellom dei lutane som utgjer dagsøktane.

«Kvinna frå Mykene» er fragment av eit freskomåleri frå det trettande hundreåret før vår tidsrekning. Kvinna er tolka som ei gudinne som høgtideleg tek imot eit offer. Fragmentet skriv seg frå Akropolis i Mykene i Hellas og er no i det nasjonale arkeologiske museet i Athen.
Freskar i Poaganovo-klosteret i Serbia
Giovanni Battista Tiepolo: Hagar i villmarka, 1726-1729. Hagar er ei kvinne som er omtalt i kapittel 16 i Fyrste Mosebok i Bibelen.

Kunstmålaren rører fargane ut med kalkvatn. Det er naudsynt med lang røynsle i å treffe dei rette fargane, ettersom fargane vert mykje ljosare etter å ha tørka. Det må dessutan arbeidast snøgt, før kalkpussen har tørka. Vert det gjort feil i fargevalet eller på anna måte, er det ikkje berre å måla oppå for å rette feilen; kalkpussen må hoggast vekk og eit nytt lag puss leggjast på og målast på vanleg måte medan pussen er våt.

Føremonen med freskomåleriet i høve til å måle på tørr murpuss, er at freskomåleriet held seg mykje betre og vil ha den same sterke og reine fargen i mange hundre år. Den våte kalkpussen tek opp i seg karbondioksid frå lufta, og vert då omgjort til kalsiumkarbonat, som ikkje let seg løyse opp og verte endra av vatn og fukt.

Freskomåleriet er ein særs gamal teknikk, nytta til dømes i Egypt, Hellas og Romerriket allereie i gamal tid; i ruinbyen Pompeii finst det mange veggmåleri i denne teknikken. Teknikken vart mykje nytta i mellomalderens kyrkjebygningar av stein, mellom anna i Norden, og særleg i Italia vart det framstilt viktige verk i denne teknikken i tida frå 1200-talet til 1600-talet av målarar som Giotto, Masaccio, Fra Angelico, Piero della Francesca, Luca Signorelli, Michelangelo og Pietro da Cortona, samt på 1700-talet ved til dømes Giovanni Battista Tiepolo.

I nyare tid har òg kunstnarar nytta seg av freskomåleriet i fleire høve. Mexico med Diego Rivera og hans sosialrealistiske freskomåleri, og Noreg med Emanuel Vigeland og dei såkalla freskobrørne Axel Revold, Alf Rolfsen og Per Krohg, sette desse to landa i fremste rad i tida etter fyrste verdskrigen med omsyn til å skape viktige kunstverk i denne teknikken.

Bakgrunnsstoff endre

Sjå òg endre

Kalkmåleri