Simone Martini (ca 12841344) var ein italiensk målar frå Siena som arbeidde i Siena, Pisa, Assisi, Orvieto og Napoli. Han vert rekna som den viktigaste målaren i den såkalla sienaskulen.

Simone Martini

Statsborgarskap Italia
Fødd 1284
Siena
Død

1. august 1344 (60 år)
Avignon

Yrke kunstmålar, miniatyrmaler
Språk italiensk
Simone Martini på Commons
Simone Martini og Lippo Memmi:Kunngjeringa og to helgenar, ca 1333
Kristus syner seg i tempelet, 1342

Liv og gjerning endre

Martini studerte hos Duccio og nytta seg av Duccio sine fargeharmoniar. Samstundes heldt han fram forsøka med å nytte linja til dekorative formål, og hans seinare verk har nesten karakter av abstrakte komposisjonar. I 1315 fekk han oppdraget med å måle ein Maestà i rådhuset i Siena. I dette verket er påverknaden frå Duccio tydeleg, men biletet syner også hans kjennskap til Pisano-familien sine skulpturar, samt bruken av linja i sienesisk målarkunst.

Martini kom i direkte kontakt med hoffet og den franske litteraturen då kong Robert av kongedømmet Napoli i 1317 kalla han til Frankrike. I 1320 arbeidde Martini i Pisa og Orvieto, og i 1328 heldt han seg i Siena for å måle eit portrett av Guidoriccio da Fogliano i ferd med å inspisere sine stridslinjer frå hesteryggen, samt andre freskar i rådhuset.

I 1333 var Martini i Firenze og arbeidde saman med svogeren Lippo Memmi. Der laga dei triptykonet Kunngjeringa og to helgenar. Martini reiste i 1339 til pavehoffet i Avignon, der han vart god venn med Francesco Petrarca; ein veit at han måla eit portrett av Petrarca-figuren Laura. «Sikkert har min venn Simone ein gong sett Paradiset», sa Petrarca. Martinis bilete av det jordiske paradiset som scene for den høviske kjærleiken, skulle kome til å påverke gotiske målarar i heile Europa.

Martini døydde i Avignon i juli 1344, medan han var i teneste ved pavehoffet.

Jamført med den samtidige Giotto og hans dramatiske framstillingar, utmerker Martini seg med ein enkel og gjerne symmetrisk komposisjon og ei lyrisk situasjonsskildring. Forutan Duccio viser verka hans påverknad frå såvel fransk gotikk som bilethoggaren Giovanni Pisano.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre