Ambrosius Holbein
Ambrosius Holbein (fødd ca. 1494 i Augsburg, død ca. 1519 i Basel) var ein tysk målar og grafikar.
Ambrosius Holbein | |
Hans Holbein den eldre sitt portrett av sønene Ambrosius og Hans. | |
Statsborgarskap | Sveits, Tyskland |
Fødd | 1494 Augsburg |
Død |
1519 (25 år) |
Yrke | kunstmålar, grafikar, teiknar, grafikar |
Far | Hans Holbein den eldre |
Ambrosius Holbein på Commons |
Ambrosius Holbein var son til Hans Holbein d.e. og eldre bror til Hans Holbein den yngre. Han fekk truleg utdanning i verkstaden til faren i Augsburg før han nokre år reiste rundt og tok målaroppdrag og gjorde studiar. I 1515 deltok han i utsmykkinga av hovudhallen i eit kloster i Stein am Rhein. Frå seint i 1515 var han og broren, Hans Holbein d. y., truleg tilknytt verkstaden til Hans Herbst i Basel. I 1517 vart Ambrosius Holbein teken opp i kunstarlauget Zum Himmel i Basel, og i 1518 fekk han borgarstatus i byen. Han utførte illustrasjonsoppdrag for forleggjarane i Basel, og han måla portrett og tok på seg utsmykkingsoppdrag, på same viset som faren og broren.
Det finst ingen spor etter han verken i arkiv eller andre stader etter 1519, og ein held det for truleg at han må ha døydd det året eller kanskje året etter.
Kjelder
endre- Oskar Bächtsmann and Pascal Griener - Hans Holbein Princeton University Press, Princeton, USA 1997
- «Ambrosius Holbein», henta frå Wikipedia på tysk 27. august 2006, som oppgjev denne kjelda:
- Katalog for utstillinga Die Malerfamilie Holbein in Basel, Kunstmuseum, Basel 1960