Hans Holbein den eldre
tysk målar
Hans Holbein den eldre (1465–1524) var ein tysk kunstmålar.
Hans Holbein den eldre | |
Sjølvportrett av Holbein den eldre. | |
Statsborgarskap | Det tysk-romerske riket, Frankrike, Sveits |
Fødd | 1465, 1460 Augsburg |
Død | |
Yrke | kunstmålar, grafikar, tresnitt, illustratør, biletkunstnar, kunstnar, teiknar |
Born | Ambrosius Holbein, Hans Holbein den yngre |
Hans Holbein den eldre på Commons |
Holbein var son av ein garvar i Augsburg. Hans og broren Sigismund Holbein måla først og fremst religiøse verk i seingotisk stil. Seinare kom òg renessanse-element inn. I dei seinare arbeidsåra likna verka mykje på sonen Hans Holbein den yngre sine bilete, slik at forvekslingar lett kan skje. Sønene Hans og Ambrosius Holbein var aktive som kunstmålarar og hadde faren som læremeister.
Verk
endre- Altar der Dominikanerkirche i Frankfurt am Main (1500-01)
- Høgaltar i sistersiensarklosteret i Kaisheim (1502-04)
- Lindauer Passion i Peterskyrkja i Lindau i Bodensee (1480)
- Sebastianaltar i Alte Pinakothek i München (1516)
- Weingartener Altar i Hohe Domkirche Unsere Liebe Frau i Augsburg
- Paulsbasilika, Augsburg, Staatsgalerie Altdeutsche Malerei
Literatur
endre- Eduard His: Holbein, Hans der Ältere. I Allgemeine Deutsche Biographie (ADB). Bind 12, Duncker & Humblot, Leipzig 1880, s. 713–715.
- Hans Reinhard: Holbein, Hans der Ältere, i Neue Deutsche Biographie 9 (1972), s. 513-515
- Bruno Bushart: Hans Holbein der Ältere, Bonn 1965, 2. opplag. Hofmann Verlag, Augsburg 1987. ISBN 3-922865-22-4.
- Christoph Trepesch: Ausgburger Altmeister Arkivert 2012-04-26 ved Wayback Machine.. Arsprototo, Ausgabe 4/2011
Bakgrunnsstoff
endre- Verk av og om Hans Holbein den eldre i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket
- Portätgalerie Bayern des Haus der Bayerischen Geschichte: