Amílcar Cabral
Amílcar Lopes Cabral (12. september 1924–20. januar 1973) var ein agronom, skribent og geriljaleiar frå Guinea-Bissau. Han var med å stifta og leia Partido Africano da Independência da Guiné e Cabo Verde (PAIGC), som mellom anna dreiv væpna motstandkamp mot den portugisiske kolonimakta i portugisisk Guinea (Guinea-Bissau) og Kapp Verde. Cabral var ein av dei fremste tenkjarane innan afrikansk anti-kolonialisme på 1900-talet.[1][2]
Amílcar Cabral | |||
| |||
Fødd | 12. september 1924 Bafatá | ||
---|---|---|---|
Død | 20. januar 1973 (48 år) | ||
Statsborgar av | Portugal | ||
Yrke | politikar, landbruksingeniør, ingeniør, skribent, agronom, statsvitar, lyrikar | ||
Utdanna ved | Lisboas tekniske universitet Instituto Superior de Agronomia | ||
Barn | Iva Cabral |
Han knytte seinare nære personlege og politiske band med leiarane som oppretta frigjeringsrørsla MPLA i Angola. Cabral var øvste leiaren for den framgangsrike frigjeringskampen til PAIGC mot det portugisiske kolonistyret.[3]
Cabral gav ut ei rekkje skrifter som har fått stor betydning i utviklingsland, særleg om organisering av geriljakamp, sosialistisk teori og betydninga av nasjonal kultur i afrikanske land. Ein del av dei viktigaste publikasjonane er samla i Frigjøringskamp i teori og praksis (Oslo 1973).[3]
Cabral vart drepen under eit attentat i Conakry i det uavhengige nabolandet Guinea den 20. januar 1973.[2][3]
Broren hans, Luís de Almeida Cabral, var president i Guinea-Bissau frå 1974 til 1980.[3]
Kjelder
endre- ↑ «Amílcar Lopes Cabral» (på engelsk). Museu do Aljube Resistência e Liberdade. Henta 1. mars 2024.
- ↑ 2,0 2,1 Peterson, C. «Amílcar Lopes Cabral» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. Henta 1. mars 2024.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 Eriksen, Tore Linné: Amílcar Cabral i Store norske leksikon på snl.no. Henta 29. februar 2024.
- Rudebeck, Lars (1990). Politics and Structural Adjustment in a West-African Village. AKUT, Uppsala universitet. Side 5.
Bakgrunnsstoff
endre- «amílcar cabral» (på portugisisk). Comissão Comemorativa 50 Anos 25 de Abril – República Portuguese Cultura.
- «Amílcar Lopes Cabral» (på portugisisk). Partido Africano da Independência da Guiné e Cabo Verde.