República de Angola

(norsk: Angola, angolansk)

Det angolanske flagget Det angolanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Angola Avante
(Heia Angola!)»
Motto Virtus Unita Fortior
(Latin: Einskap gjev styrke)
Geografisk plassering av Angola
Offisielle språk Portugisisk
Hovudstad Luanda
Styresett
Republikk
João Lourenço
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
1 246 700 km² (22.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
29 310 273 (58.)
23,5 /km² (171.)
Sjølvstende
  – Dato
Frå Portugal
11. november 1975
Nasjonaldag 11. november
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
185 200 mill. USD (63.)
8 000 USD (122.)
Valuta Kwanza
Tidssone UTC +1
Telefonkode +244
Toppnivådomene .ao


Angola, tidlegare Folkerepublikken Angola, er ein republikk i Sørvest-Afrika. Angola har kyst mot Atlanterhavet og har grense mot Kongo-Brazzaville, Kongo-Kinshasa, Namibia og Zambia. Den angolske provinsen Cabinda er ein enklave som er skild frå resten av landet av Kongo-Brazzaville. Cabinda har Angola si einaste grense mot Kongo-Brazzaville.

Kart over Angola

Geografi endre

 
Topografisk kart over Angolo

Det meste av Angola ligg på Kalahari-platået. I nord er eit overgangsområde mellom det sørlege platået og Kongobassenget.

Langs Atlanterhavet strekkjer det seg ei smal kystslette som til dels består av yngre sedimentbergartar med oljeførande lag. Breidda på kystsletta er 70–150 km Til kystsonen høyrer òg den vesle enklaven Cabinda nord for munningen til Kongoelva.

Innanfor kystsletta hevar det seg eit breitt grunnfjellsplatå som har tydelege terrassar, mest markert der høglandet fell ned mot kysten. Nokre stader har platålandet karakter av fjell, mest utprega i Serra de Chela i sørvest. Ein horstrygg med Serra Môco (2620 moh.) som det høgaste punktet, går i retning sør–nordaust og dannar eit markert vasskilje. Austom fjella ligg det høgtliggande Bíe-platået (1500–1800 moh.).

Omtrent halvparten av dei talrike elvane i landet har avrenning mot Kongoelva, medan dei andre stort sett har avrenning mot Zambezi. Berre nokre få renn rett ut i Atlanterhavet, mellom anna Cuanza (Kwanza), den lengste elva i landet (965 km lang), og Kunene, som dannar grense mot Namibia i sør. Cubango renn ut i Okavango. Cuango er ei sideelv til Zambezi som renn ut i Indiahavet. I den austlege delen av Bíe-platået spring mellom anna Kwango og Kasai ut, begge sideelvar til Kongo.

Den søraustlege delen av Angola dannar ein jamn overgang mot Kalahari. Platåa er låge, 500–700 moh., og terrenget er forholdsvis flatt.

Klima endre

Store delar av Angola ligg på eit høgareliggande platå, og har eit klima som er tropisk, med ei enkel regntid frå oktober til mars, og ei lang tørketid i mellom. Huambo har ein normal årsnedbør på 1448 mm. På grunn av høgda vert ikkje temperaturen så høg som ein kunne vente i tropane, og fører til eit ganske behageleg klima.

Over 1500 m er temperaturane meir tempererte, og ikkje tropiske, og ein kan få episodar med frost. Tørketida er ein månad kortare i dei nordlege områda av landet samanlikna med Huambo som har fem månadar utan regn. Dei indre områda får stort sett mellom 1000 og 1500 mm i løpet av regntida.

Kysten av Angola er derimot uvanleg for desse breiddegradene. Temperaturen og nedbørsmengdene er mykje lågare på grunn av den kalde Benguelastraumen utanfor kysten. Denne fører til oppvelling av kaldt havvatn, og dei stabile forholda det fører med seg hindrar danninga av regnbyer. Kystbyen Mossamedes har ein normal årsnedbør på 55 mm. Kystområda har ørken- eller steppelandskap nordover mot Luanda, men nedbørsmengdene aukar gradvis nordover, og heilt nord får ein om lag 600 mm i året. Kystområda får òg mykje låge skyer og tåke når varm luft strøymer utover den kalde havflata. I samband med austleg vind kan temperaturen bli ganske høg, men vanlegvis vert ikkje temperaturen noko særleg høgare enn 25 °C.

Historie endre

Som for andre portugisiske koloniar medførte militærkuppet i kolonimakta i 1974 ein rask frigjeringsprosess. For Angola drøyde denne på grunn av maktkamp mellom tre ulike geriljagrupper og ein stor europeisk minoritet i landet. Landet fekk fullt sjølvstende først i 1975.

Den marxist-leninistiske geriljaen MPLA med støtte frå Sovjetunionen tok kontrollen over hovudstaden Luanda og store delar av resten av landet. Den USA- og Zairestøtta FNLA-geriljaen blei raskt marginalisert, medan Unita-geriljaen med støtte frå Sør-Afrika og seinare USA heldt eit fast grep om dei sørlege delane av landet.

MPLA hadde to presidentar, Agostinho Neto fram til 1979 og deretter José Eduardo dos Santos, som vann det demokratiske presidentvalet i 1992 under ein kort fredsperiode mellom dei to stridande partane. Dei skreiv under på ein fredsavtale i 1994, men verkeleg fred kom først då Unita-leiaren Jonas Savimbi døydde i 2002.

Demografi endre

Landet er prega av mange tiår med borgarkrig og har ei fattig og lågt utdanna befolkning. Gjennomsnittleg alder er 18,2 år (2002) og gjennomsnittleg levealder 37,0 år (2003). Over halvparten av den vaksne befolkninga kan ikkje lesa eller skriva.

Dei viktigaste folkegruppene i landet er ovimbunduar (37 %), kimbunduar (25 %) og bakongoar (13 %). Ein talar portugisisk, bantuspråk og andre afrikanske språk. Rundt halvparten av angolanarane praktiserer innfødde religionar, nær 40% er katolikkar, medan 15 % er protestantar (1998).

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Angola