Al-Amiriyah

(Omdirigert frå Amiriyah Fallujah)

Al-Amiriyah (arabisk العامري, al-ʻāmiriyyah) eller Amiriyah Fallujah, òg skrive Ameriyah, Amiriyyah, Ameriya, Amiriyat, Ameriyat, er ein by i Fallujah-distriktet i Al Anbar guvernement, kring 30 km sør for byen Fallujah i Irak. Innbyggjarane i Ameriyah høyrer hovudsakleg til Albu Issa-stamma som er ein del av Dulaim-stamma.

Al-Amiriyah
by
Anbar-Armiaih.jpg
Landskap ved nabolaget Al-Fares i Amiriyah
Land Flag of Iraq.svg Irak
Guvernement Al Anbar guvernement
Koordinatar 33°9′55″N 43°51′56″E

Al-Amiriyah
33°17′51″ N 44°17′26″ E
Iraq physical map.svg
Locator Red.svg

Byen fekk namnet Amiriyah Fallujah etter okkupasjonen i Irak på grunn av dei mange innbyggjarane som vart forflytta her frå byen Fallujah, i alt 17 000 folk.

Fram mot Golfkrigen i 1990, vart fleire vestlege gislar haldne her som menneskelege skjold ved ein mistenkt ammunisjonsfabrikk i området frå september 1990 til dei vart sleppte fri 6. desember 1990. Dette inkluderte mannskap frå British Airways, britar, japanarar og franskmenn. Berre britane vart haldne fram til desember, medan franskmennene og japanarane vart sleppte fri i oktober og november 1990.

Under den amerikanske krigen i Irak var byen åstad for kampar, i tillegg til bilbomber med klorin. Mot slutten av 2007 tok politiet i Anbar over kontrollen i byen.

I 2016, under kringsetjinga av Fallujah, var det intense kampar i området mellom den irakiske hæren og militante frå IS.[1] Det vart òg rapportert om fleire sjølvmordsbomber av IS.[2][3]

KjelderEndra