Amund Sigurd Mork (fødd 15. desember 1884 i Oppstryn, død 27. juli 1964 i Oppstryn)[1] var ein norsk lærar, ungdomslagsarbeidar og forfattar. Han er særleg kjend for «Nordfjord-songen» frå 1920, som begynner med «Fagre fjellheimen opnar seg». Med denne sangen vann han pris i ein sangkonkurranse i regi av Firda Ungdomslag.

Amund Mork
Amund Mork.jpg
Fødd 15. desember 1884
Død

27. juli 1964 (79 år)

Yrke skribent, lyrikar

Han var utdanna lærar frå Volda lærarskule og arbeidde ei kort tid i Bergen, mellom anna som vikar for Jacob Aaland, før han vende tilbake til heimbygda.

Mork gav ut diktsamlinga Vestanvind i 1931 og skodespelet Gull og grøne skogar som føljetong i Fjordabladet i 1924. I tillegg skreiv han sangar og prologar til ulike anledningar, mellom anna ein kantate til Oppstryn kyrkje sitt jubileum i 1938.[2]

BibliografiEndra

BøkerEndra

  • 1924 – Gull og grøne skogar : spel i tvo vendingar (Nordfjordeid: Fjordabladets prenteverk)  [Føljetong i Fjordabladet]

I tidsskrift - eit utvalEndra

KjelderEndra

  1. Loen oppgir at han døydde i 1963; NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane oppgir 1964.
  2. Olav A. Loen. Bygda gav diktarsyn. Rune forlag, 1970 (ebok)

BakgrunnsstoffEndra