Amundsenbreen er ein stor isbre i Antarktis som er kring 6 til 10 km brei og 128 km lang, og som flyt ned frå polarplatået der han drenerer området sør og vest for Nilsen Plateau. Han flyt ned gjennom Dronning Maudfjella og ut i Rossisen like vest for MacDonald Nunataks.

Amundsenbreen
isbre
Land  Antarktis
Stad Ross Dependency
 - koordinatar 85°35′S 159°00′W / 85.583°S 159.000°W / -85.583; -159.000
Lengd 128 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Amundsenbreen
85°35′00″S 159°00′00″W / 85.583333333333°S 159°W / -85.583333333333; -159
Amundsenbreen is located in Antarktis
Amundsenbreen (Antarktis)

Breen vart oppdaga av kontreadmiral Byrd på flyturen til Sørpolen i november 1929. Namnet vart foreslått av Laurence Gould, leiaren for geologgruppa under Byrd-ekspedisjonen som drog i slede forbi munningen av breen i desember 1929, og er ei oppkalling etter Roald Amundsen.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre