Amwajøyane
Amwajøyane (arabisk جزر أمواج, Juzur Amwaj) er ei gruppe kunstige øyar i Persiabukta nordaust i Bahrain, nær kysten av øya Muharraq. Dei dekkjer kring 2,79 km².
Amwajøyane | |||
جزر أمواج, Juzur Amwaj | |||
kunstig øygruppe | |||
Flyfoto av Amwajøyane og Muharraq, sett sørover
| |||
Land | Bahrain | ||
---|---|---|---|
Del av | Bahrain | ||
Koordinatar | 26°17′N 50°40′E / 26.29°N 50.67°E | ||
Amwajøyane 26°17′28″N 50°39′55″E / 26.291111111111°N 50.665277777778°E | |||
Kart som viser Amwajøyane.
| |||
Wikimedia Commons: Amwaj Islands |
Amwajøyane er eit pionerprosjekt i Bahrain og var den første øya som gav 100 % sjølveige til utlendingar som bur i kongedømet Bahrain. Øyane gjer òg at det blir fleire eigedomar ved sjøsida. Då infrastruktur som elektrisitet, vegar, vatn, klokakk og telesamband nyleg var ferdig, var øyane klare som bustadområde.
Amwajøyane vart bygde i det relativt grunne farvatnet nordaust for Muharraq, som er den nordlegaste øya i Bahrain. Øyane har område for bustader, handel (høghus), hotell og butikkar, i tillegg til ein sirkelforma marina med over 140 fortøyingsplassar og ein diameter på 240 meter.
Det går ei vegfylling frå øyane over til hovudøya. Denne er kring 1,8 km lang. Andre anlegg er ein skule, eit universitet, eit sjukehus, ein bensinstasjon, ein temapark og eit område med restaurantar og kafear. Avstanden mellom den nye øya og Bahrain internasjonale lufthamn er berre 8 km.
Prosjektet vart utvikla av Ossis Property Developers til ein prislapp på 1,5 milliardar dollar. Amwajøyane vart utvikla i tre stadium.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Amwaj Islands» frå Wikipedia på engelsk, den 4. april 2017.
Bakgrunnsstoff
endre- Amwajøyane - offisiell nettstad Arkivert 2015-08-01 ved Wayback Machine.
- Amwajøyane Arkivert 2008-05-24 ved Wayback Machine. - utviklingsprofil
- Detaljert kart