Amygdalin

kjemisk sambinding

Amygdalin (C20H27NO11) er eit giftig og cyanogent glykosid som finst i fleire plantar, særleg i frøkjernar i aprikos, bittermandel, fersken, eple og plommer.[1][2]

Strukturen til amygdalin

Både amygdalin og den modifiserte varianten laetril (C14H15NO7) har sidan 1950-åra blitt fremja i alternativ kreftbehandling, ofte under den misvisande nemninga vitamin B17.[1] Korkje amygdalin eller laetril er eigentleg vitamin.[1][3] Forsking har vist at stoffa ikkje er effektive i behandling kreft, og at dei dessutan er potensielt giftige eller dødelege fordi dei kan føra til cyanidforgifting.[1]

Fremjinga av laetril til kreftbehandling har blitt skildra i medisinsk litteratur som eit mønstergodt døme på kvakksalveri,[4][5] og som den «sleipaste, mest sofistikerte og desidert mest inntektsgjevande kvakksalvarkampanjen i medisinsk historie.»[6]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Amygdalin/ laetrile/ B17». nifab.no. Nasjonalt Forskningssenter innen Komplementær og Alternativ Behandling (NAFKAM). 5. januar 2016. Arkivert frå originalen 2. februar 2017. Henta 28. januar 2017. 
  2. «Are Apple Cores Poisonous?». thenakedscientists.com. The Naked Scientists. 26. september 2010. Henta 28. januar 2017. 
  3. «Amygdalin og laetril ("vitamin B17")». nhi.no. Norsk Helseinformatikk. 6. oktober 2014. Arkivert frå originalen 2. februar 2017. Henta 28. januar 2017. 
  4. Lerner IJ (February 1984). «The whys of cancer quackery». Cancer 53 (3 Suppl): 815–9. PMID 6362828. doi:10.1002/1097-0142(19840201)53:3+<815::AID-CNCR2820531334>3.0.CO;2-U. 
  5. Nightingale SL (1984). «Laetrile: the regulatory challenge of an unproven remedy». Public Health Rep 99 (4): 333–8. PMC 1424606. PMID 6431478. 
  6. Lerner IJ (1981). «Laetrile: a lesson in cancer quackery». CA Cancer J Clin 31 (2): 91–5. PMID 6781723. doi:10.3322/canjclin.31.2.91. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Amygdalin