Anansi er ein edderkoppfigur i vestafrikansk og karibisk folkeminne.

Anansi teikna av Pamela Colman Smith.

Anansi opptrer i mange folkeeventyr som ein såkalla «trickster», det vil seia ein lurande figur som gjerne speler menneske eit puss. I nordisk mytologi er Loke eit motsvar til denne figuren.

I nokre soger blir han tillagt æra for å ha skapt verda.[1] I andre skal han ha lurt den øvste guden til å la sjukdom koma inn i verda.[2]

I nyare tid er Anansi ein figur i American Gods og Anansi boys av Neil Gaiman.[3]

Kjelder

endre
  1. Cotterell, Arthur (2003). «Anansi» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-217747-6. doi:10.1093/acref/9780192177476.001.0001. 
  2. «Anansi» (på engelsk). Oxford University Press. 2010. ISBN 978-0-19-956745-4. 
  3. Neil Gaiman: Amerikanska gudar, Forum, Stockholm 2003, Ylva Spångberg (övers.), första svenska upplagan. ISBN 91-37-12227-4.