Skapingsmytar eller kosmogoniske mytar er overnaturlege, mytisk-religiøse forteljingar eller forklaringar som tek for seg opphavet til menneskja, jorda, livet og universet, som regel forklart som ei bevisst handling utført av ein eller fleire guddommar. Dei fleste religionar har skapingsmytar som omfattar konsept som forklarer korleis alt er som det er, og dette dannar ofte sjølve kjernen i trua.

Michelangelo sitt freskomåleri «Gud skaper Adam» (1508-1512) frå Det sixtinske kapellet.

Mange skapingsmytar deler i hovudsak tilsvarande eller same tema. Fellesmotiv omfattar oppstykkinga av tinga i verda frå eit opphavleg, opphavleg kaos; åtskiljing av farguden og morguden; landområde som oppstår frå eit uendeleg og tidlaust urhav; eller skaping ex nihilo (ut av inkje).

Den sumeriske skapingsmyten endre

 
Leirtavle med ein del av den sumerske skapingsmyten.

Sumer var eit oldtidsrike i Mesopotamia som låg mellom elvene Tigris og Eufrat, og er ein av dei eldste kjende sivilisasjonane på jorda. Den sumeriske skapingsmyten er den eldste kjente. Ein har funne henne på ei fragmentert leirtavle, kjent som Eriduskapinga, datert til 1700-talet f.Kr. Denne omfattar også ein syndflodsmyte.

Der leirtavla byrjar har gudane An, Enlil, Enki og Ninhursag skapt sumerarane og dyra. Deretter stig kongane ned frå himmelen og dei fyrste byene blir grunnlagt – Eridu, Bad-tibira, Larsa, Sippar og Shuruppak.

Etter eit tapt stykke i leirtavlene blir det fortalt at gudane har vedteke å fløyma over jorda med ei syndflod for å straffa menneskja. Zi-ud-sura, som er konge og prest, lærer om dette. I ei seinare akkadisk utgåve er det guden over vatnet Ea, eller Enki på sumersk, som åtvarar helten (Atra-hasis i dette tilfellet) og gjev han instruksar for å byggja ein ark. Dette er tapt i det sumerske fragmentet, men ein omtale av Enki som har ei rådføring med han antydar at dette er rolla til Enki også i den sumeriske versjonen.

Når leirtavla held fram skildrar ho flaumen. Ein forferdeleg storm voggar den store båten i sju dagar og sju netter. Deretter dukkar Utu, solguden opp og Zi-ud-sura skaper ei opning i båten, kneler til jorda og ofrar deretter ein okse og sauer i takksemd.

Etter endå eit avbrot held teksten fram, syndfloda er tilsynelatande over og dyra blir sette i land frå båten. Zi-ud-sura kneler for An, himmelguden, og Enlil, den øvste av alle gudane, og desse gjev han evig liv og lèt han slå seg ned i Dilmun for «ta vare på dyra og avkommet til menneskja». Resten av diktet er gått tapt.[1]

Den babylonske skapingsmyten endre

 
Marduk og draken hans, frå eit babylonsk sylindersegl.

Babylonia var eit oldtidsrike i Mesopotamia (det moderne Irak). Det omfatta områda til dei tidlegare rika Sumer og Akkad. Den babylonske skapingsmyten er gjenfortald i Enuma Elish, eit epos om byrjinga i verda. Det er blitt datert til slutten av det andre tusenåret f.Kr.

I eposet er guden Marduk (eller Assur i dei assyriske utgåvene av diktet) blitt skapt for å forsvara dei guddommelege skikkelsane frå eit angrep av sjøgudinna Tiamat. Marduk tilbyr seg å berga gudane berre om han blir utpeika som den høgaste, udiskutable leiaren deira, og bli verande i denne posisjonen sjølv etter at trusselen er nedkjempa. Gudane går med på kravet hans.

Marduk utfordra Tiamat til tvikamp og drap henne. Deretter reiv han liket hennar i to halve delar som han deretter skapte jorda og himmelen med. Så skapte han kalenderen, organiserte planetane og stjernene og regulerte månen, sola og vêret. Gudane underkasta seg han og svor lydnad, og skapte deretter den babylonske hovudstaden Babylon som den jordiske motparten til gudsriket. Marduk drap så maken til Tiamat, Kingu. Av hans blod skapte han menneskja slik at dei kunne gjera arbeidet til gudane.

Egyptiske skapingsmytar endre

 
Framstilling av Ra sitt auge og egyptiske gudar som Hathor, Nefthys, Isis, Osiris, Nut, Geb, Shu og Atum. Frå Dendera-tempelet.

Egypt i oldtida var ei statsdanning i det fruktbare området langs Nilen som varte varte i to tusen år frå rundt 3300 f.Kr. Det er minst tre ulike skapingsmytar i egyptisk mytologi som samsvarer med minst tre ulike grupper tilbedarar.

  • I forteljinga Ennead («dei ni») stig Atum opp frå det opphavlege urhavet Neith og masturberer for å dulma einsemda si. Av sæden og pusten hans blir Tefnut (fukt) og Shu (tørrheit) til. Frå Shu og Tefnut blir Geb (jorda) og Nut (himmelen) fødde i ein tilstand av evig samleie eller samansmelting til Shu skil dei frå kvarandre. Barna deira er Ausare (Osiris; død), Set (ørken), Aset (Isis; liv), og Nebet Het (Nefthys; fruktbart land). Osiris og Isis er eit par, det same er Nefthys og Set.
  • I forteljinga Ogdoaden («dei åtte») stig Ra, anten frå eit egg eller frå ein blå lotus, som eit resultat av den kreative samhandlinga mellom urkreftene til Nu/Naunet (vatn), Amun/Amaunet (luft), Kek/Kauket (mørkre) og Heh/Hauhet (æve). Ra skaper deretter Hathor, kona si, som han får sonen Hor eller Horus med (i denne forma kjend som Horus den eldre), som så giftar seg med Isis. Denne skapingsmyten omfatta også Anupu (Anubis) som herre over dei døde.
  • I den tredje gruppa er Ptah evig, endelaus og evinneleg, og han kallar liv i verda og alle gudane fram til eksistens på tilsvarande vis som den jødisk-kristne trua forstår konseptet sitt for Gud.

Over tid blei dei rivaliserande gruppene gradvis samanfletta. Ra og Atum blei identifisert som den same guden, og Atums mystiske skaping blei den i Ogdoaden. Ra fekk såleis barna Shu og Tefnut, og vidare. Som konsekvens blei Anubis identifisert som ein son av Osiris, tilsvarande skjedde med Horus. Rolla til Amun blei seinare etter kvart stadig større, og i ei tid var han den øvste guden, men blei til slutt vurdert som ein manifestasjon av Ra.

Ei tid var Ra og Horus identifisert som kvarandre, og då Aton-monoteismen blei introdusert utan hell var det Ra-Horus som var tenkt som Aton, og følgjande ein opphavsmyte inspirert av denne. Seinare blei kulten til Osiris meir populær og han var hovudguden, identifisert som ei form av Ptah. Til slutt blei alle gudane tenkte som aspekt av Osiris, Isis, Horus eller Seth (som no blei rekna som ein tvitydig og eventuell vond guddom). Faktisk hadde både Horus og Osiris byrja å bli rekna som den same guden, men Ptah blei til slutt identifisert som Osiris.

Ein seinare versjon av forteljinga har betraktninga at det øvste vesenet (Gud) var Atum-Raa og at han uttalte orda for skaping som skapte urvatnet Naunet frå Nu (det himmelske havet). Naunet inneheldt alt i uutvikla tilstand, som i embryonisk form. Dette livet tok forma av eit egg, og frå dette egget kom Ra, gudslyset som blei årsaka til at alt liv oppstod. Ra var representert av den egyptiske soldisken (også symbolisert germansk, norrøn, gresk og vedisk tradisjon av ei solvogn, også referert til i bibelske tekstar ved profeten Elia). Ra, gudslyset i naturen, blei seinare manifestert på jorda gjennom soldisken (eten) og verka i form av dosher – soloppgangen som byrjinga av livet på jorda.

Skapingsmytar frå gresk antikk endre

 
Kronos og Rhea avbilda på ein gresk vase. Rhea gjev Kronos ein stein å sluka i staden for eit av barna sine.

Det antikke Hellas er rekna som den viktigaste grunnleggjaren av kulturen til den vestlege sivilisasjonen. Gresk mytologi omfattar fleire mytologiske forteljingar som handlar om gudane og heltane til dei antikke grekarane. Gresk religion er polyteistisk i vesen, og dette pregar også førestillingane ein finn her om opphavet til verda.

Filosofen Platon skildrar ein skapingsmyte som involverer eit vesen kalla demiurg («verdsskaparen») i dialogen sin Timaios.

Diktaren Hesiod fortel i diktverket Theogonien ('Gudefødselen') at i byrjinga eksisterte kaos i form av Khaos som deretter fødde Gaia (jorda), Tartaros (underverda), Eros (begjær), Nyx (nattemørket) og Erebos (mørket i underverda). Gaia fekk fram Uranos, himmelen, hennar like, som dekte henne, fjella og dei ufruktbare djupnene i havet, Pontos ut av seg sjølv. Men etterpå, fortel Hesiod, låg ho med Uranos og blei svanger med Okeanos (urstraumen eller hava som dekte jorda), Koios og Krios, og titanane Hyperion og Iapetos, Theia og Rhea, Themis og Mnemosyne og Foibe og havgudinna Tethys.

På tilråding frå Gaia kastrerte Kronos far sin, Uranus, og gifta seg med Rhea, som fødde den andre generasjon av gudar; Hestia, Demeter, Hera, Hades, Poseidon, og Zevs. Zevs og brørne hans velta Kronos og dei andre titanane, og trekte deretter lodd om kva område kvar av dei skulle vera herskar over. Zevs trekte himmelen, Poseidon havet og Hades underverda.

Den jødisk-kristne skapingsmyten endre

 
Gud skaper Eva frå sida til Adam. Freske frå Vittskövle kyrkje i Skåne.
 
Fallet til menneskas, måleri av Cornelis van Haarlem, 1592

Jødedommen er den eldste av dei tre store monoteistiske verdsreligionane, og moderreligion for kristendommen. Den jødisk-kristne forklaringa for skapinga har grunnlaget sitt i Fyrste Mosebok, også kalla Genesis (hebraisk בראשית Bereshit «I byrjinga», gresk Γένεσις Génesis, «Byrjing»), den fyrste boka i Bibelen. Trosførestillingar om skapinga skil seg ein del frå kvarandre blant jødisk-kristne grupper, både i dag og i fortida. Ordlyden i opningsverset i Fyrste Mosebok var tvitydig i den opphavleg teksten, og den norske omsetjinga lyder: «I byrjinga skapte Gud himmelen og jorda. Jorden var øyden og tom, og mørke låg over havdjupet. Men Guds Ånd sveva over vatnet».[2] I ein lesnad eller tolking kan ein rekna med eit allereie eksisterande kosmos som Gud nyttar som råmateriale for arbeidet sitt, ei tolking som blir føretrekt av dei fleste forskarar. At Gud skapte «himmelen og jorda» blir vanlegvis assosiert med å forma noko frå noko som allereie eksisterande.

Faktisk er det to skapingssoger i Bibelen. I den fyrste (Fyrste Mosebok 1:1-2:3) skaper Gud fasettar av verda kvar dag i løpet av sju dagar. Skapinga skjer ved guddommeleg kommando: «Då sa Gud: «Det bli lys!» Og det vart lys.» Menneskja i form av mann og kvinne blei skapt samtidig både i den hebraiske Bibelen som i den norske standardomsetjinga (noko som opnar for moglegheita for meir enn eit par), og menneska blei skapte etter at heile verda er førebudd for dei. Dei blei skapte i Guds bilete, noko som sannsynlegvis ber meininga om at menneskja var Guds representantar på jorda og overherre over alle andre vesen. Den siste dagen markerer heilaggjeringa av sabbaten som heilag for Gud.

Den andre forteljinga (Fyrste Mosebok 2:4-25[3]) er i ei meining ein etiologi av opphavet til sedelegheit og moral. Ho byrjar med skapinga av mann og kvinne som blir skapt kvar for seg, i motsetnad til den fyrste forteljinga. Eit tema i den andre forteljinga er opphavet til ekteskapet og overherredømmet til hankjønnet over hokjønnet i Edens hage. Adam og Eva lever i harmoni med Gud fram til dei får «kunnskap om godt og vondt». I den hebraiske Bibelen er det en annen frase enn «godt og vondt» som ikke indikerer ein moralsk kunnskap: «kunnskapen om alt». Etter denne kunnskapen blir dei utvist frå nærværet til Gud og paradiset. Ei stor nyvinning innan kristendommen var læra om skaping ex nihilo, skaping «ut av inkje». I dei fyrste hundreår skreiv og tenkte den katolske kyrkja i greske banar heller enn hebraiske, og henta forståinga si frå gresk filosofi som fremja av Filon frå Alexandria (død ca. år 50), ein jødisk tenkjar som prøvde å forlika jødedommen med platonismen. Kyrkja tapte tvitydinga i den hebraiske teksten og erstatta henne med gresk klarheit. «I byrjinga skapte Gud himmelen og jorda» som blei den aksepterte tolkinga av Fyrste Mosebok for både kristne og jødar. Kyrkja var likevel ikkje bokstaveleg, og bibelske kommentatorar har gjennom åra diskutert i kva grad forklaringane for skapinga burde lesast bokstaveleg eller allegorisk. Maimonides[4] og Gersonides[5] kommenterte spesielt at forklaringane om skapinga ikkje burde takast bokstaveleg. I nyare tid har lærde innan Tora, som rabbinaren Eliyahu Eliezer Dessler, også støtta ei tilnærming til opningskapitla av Fyrste Mosebok som ikkje er bokstaveleg.[6]

Den muslimske skapingsmyten endre

 
Englane underkastar seg Adam og Eva. Iblis, oppe til venstre, nektar.

Islam er ein monoteistisk religion, og den yngste blant dei store verdsreligionane. Islam baserer seg på læra til profeten Muhammed, som han forkynte på Den arabiske halvøya frå rundt 610. Skapingsforteljinga i islam er splitta over fleire vers i Koranen, men er tilsvarande den jødisk-kristne forklaringa. Ifølgje Koranen blei himlane og jorda føydde saman som ei «skapingseining» og deretter «kløyvde frå kvarandre».[7] Etter at begge var skilde frå kvarandre fekk dei samtidig den noverande forma si etter å ha gått gjennom ein fase der begge var røykliknande.[8] Koranen slår fast at skapingsprosessen skjedde i løpet av seks dagar, eller avhengig av tolkinga, epokar.

Koranen hevdar at Gud (Allah) skapte verda og kosmos, og gjorde alle skapningar som gjekk, sumde, kravla, og flaug på overflata av jorda frå vatn.[7] Han skapte englane, og sola og stjernene som fekk bustad i universet. Han tømde ned regnet i fossar, og braut opp jorda for å fram kornet, druene og andre vekstar, oliven og palmane, frukttrea og graset. Gud forma leirar, jord, sand og vatn til ein modell av ein mann. Han pusta liv og kraft i modellen, som straks kom til liv. Denne fyrste mannen blei kalla for Adam. Gud tok med Adam til paradiset, og skapte der Eva (eller Hawa) frå sida til Adam. Gud lærte Adam namna på alle vesen og kommanderte alle englane til å bøya seg for Adam. Iblis, ein av djinnane, nekta å gjera dette, og var såleis ulydig mot Gud.

Den norrøne skapingsmyten endre

 
Yme blir drepen av Odin og brørne hans. Av Lorenz Frølich.

I norrøn mytologi er det dei mannlege gudane som opptrer i skapinga av verda, fyrst og fremst Odin, men skaper ikkje ut av ingenting, ex nihilo, og heller ikkje åleine. Han har dei to brørne sine med seg, Ve og Vilje (som betyr «heilagdom» og «vilje»), men dei blir kalla for Høne og Lodur i det storslåtte diktet Voluspå. Kvinneleg fødsel speler ei underordna rolle, men eit kvinneleg vesen, Gjevjon, har òg vore ein skapar. I tillegg blei guden Heimdall fødd av ni jotunkvinner i fellesskap utan at ein mannleg gud var involvert.

Ifølgje Snorre Sturlason var urjotnen Yme det fyrste vesenet i kosmos, og oppstod ein gong i urtida i Ginnungagap, det store kaotiske inkjet. I sør oppstod verda Muspelheim, som er lys og varm, deretter Nivlheim i nord, ei kuldeverd somdet strøymer tolv elvar ut frå i Ginnungagap. Då heiten frå Muspelheim møtte kulda frå Nivlheim oppstod det ei kraft som var Yme. Yme skapte liv på eiga hand. Frå den eine armen voks det ut eit barn og frå beina eit anna barn, som igjen avla nye vesen med kvarandre, rimtussar eller jotnevesen.

Saman med Yme oppstod det ei ku, Audhumbla, «den mjølkerike kua», som Yme kunne næra seg frå. Samtidig slikka kua salt av steinar, og ein dag slikka ho fram eit hovud. Dette var Bure, som betyr «son». Bure avla Bor, som også betyr «son». Bure og Bor var av ei anna ætt ein Yme. Bor avla avkom med Bestla frå avkommet til Yme, men då dei to ættene blanda seg oppstod det ein ny ætt, gudane. Derfor blei Odin og brørne hans kalla for «Bors søner».[9]

 
Ask og Embla, illustrasjon av Robert Engels, 1919.

Som i andre mytologiar gjorde andre generasjon opprør mot den fyrste. Sønene drap faren og omskapte deretter verda slik dei ville ha henne. Odin og brørne hans drap Yme, og frå den parterte kroppen hans skapte dei verda. Beina blei til fjell, kjøtet til jord og blodet til hav, sjøar og elvar. Hovudskallen blei løfta opp og blei til himmelkvelvinga, og augebryna til skyer. Verda blei skapt på grunnlag av eit drap, og denne spenninga ligg i botnen av den norrøne mytologien og fram til avslutninga i verda i Ragnarok.

Snorre Sturlason gjenfortalde og systematiserte skapingsmytane i Den yngre Edda, men forteljinga er også gjeven att i Voluspå. Her blir det fortalt om dei andre vesena som oppstod. Urkvinnene, jotunkvinnene, kom og forstyrra den fyrste gullalderen til gudane. Kvinnene kunne føda, og var såleis skaparar uavhengig av gudane. Som ein reaksjon skapte gudane dvergar og menneske. Menneska blei skapte av jord, ifølgje Voluspå, medan Den yngre Edda seier at dei blei forma av to trestammar. Ifølgje sistnemnde blei det laga ein mann av ei ask og ei kvinne av ein almetre: Ask og Embla. Odin pusta liv i dei, Høne gav dei forstand og evne til å røra seg, og Lodur gav dei blod og ytre likskap med gudane. Til sist gav gudane menneska ein lagnad gjennom skapinga av tre kvinnelege vesen, nornerne. Den norrøne mytologien har ingen fallmyte. Det finst ingen spor av at menneska sette seg imot gudane, og heller ikkje at dei er underordna. I tillegg blei dei to kjønna skapte samtidig, og dei blir likt utstyrte og ikkje underordna kvarandre, men er likestilte.[10]

Kjelder endre

  1. University of Oxford, The ETCSL project, The Flood story
  2. Bibelen.no: Første Mosebok Arkivert kopiWayback Machine.
  3. 1 Mos 2:4-25
  4. Guide to the Perplexed 2:17
  5. Milchamot Hashem 6:8
  6. Strive for Truth, V.II p 151
  7. 7,0 7,1 Koranen 21:30
  8. Koranen 41:11
  9. Steinsland, Gro: Norrøn mytologi. Myter, riter, samfunn. Oslo 2005. Side 111-112
  10. Steinsland, Gro: Norrøn mytologi. Myter, riter, samfunn. Oslo 2005. Side 119

Litteratur endre

  • Foster, B.R.: From Distant Days : Myths, Tales, and Poetry of Ancient Mesopotamia. 1995, Bethesda, Md.: CDL Press. vi, side 438
  • Bottéro, J.: Religion in Ancient Mesopotamia. 2004, Chicago: University of Chicago Press. x, side 246.
  • Eliade, Mircea (1963): Patterns in comparative religion. The New American Library-Meridian Books. ISBN 9780529019158.
  • Kimball, Charles (2008): «Creation Myths and Sacred Stories» i: Comparative Religion. The Teaching Company. ISBN 1598034529.
  • Honko, Lauri (1984): «The Problem of Defining Myth» i: Dundes, Alan: Sacred Narrative: Readings in the Theory of Myth. University of California Press. ISBN 978-0520051928.
  • Jacobsen, T.: The Treasures of Darkness : A History of Mesopotamian Religion. 1976, New Haven: Yale University Press. Side 273.
  • Johnston, Susan A. (2009): Religion, Myth, and Magic: The Anthropology of Religion-a Course Guide. Recorded Books, LLC. ISBN 978-1-4407-2603-3.
  • Leeming, David Adams; Leeming, Margaret Adams (2009): A Dictionary of Creation Myths (Oxford Reference Online ed.). Oxford University Press. ISBN 0195102754.
  • Womack, Mari (2005): Symbols and Meaning: A Concise Introduction. AltaMira Press. ISBN 978-0759103221.