Anatolij Mikhailovitsj Golitsyn
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Anatolij Mikhailovitsj Golitsyn (25. august 1926–)[1] var ein sovjetisk KGB-avhoppar og forfattar av to bøker om den langsiktige villeiingstrategien til leiarskapet i Sovjetunionen.
Anatolij Mikhailovitsj Golitsyn | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, USA |
Fødd | 25. august 1926 Pyrjatyn |
Død |
29. desember 2008 (82 år) |
Yrke | efterretningsagent, skribent, diplomat |
Språk | russisk, engelsk |
Medlem av | KGB |
Golitsyn var fødd i Pirjatin, ein by mellom Kiev og Poltava i Ukraina, og vart avhoppar i 1962. Han skaffa eit breidt spekter av informasjonar til CIA med detaljar om residensen i Helsinki og andre, og jamvel om KGB sine metodar om rekruttering og styring av agentar. Han vart amerikansk statsborgar så seint som i 1984.[2]
Avhoppar
endreGolitsyn arbeidde i planavdelinga i KGB med majors rang. I 1961 vart han ført over til residensen i Helsinki under namnet «Ivan Klimov» som visekonsul og attaché. Han hoppa av med kone og born til CIA via Helsinki den 15. desember 1961. Han tok toget til Haparanda ved den svensk-finske grensa, vart møtt av CIA der og flydd til USA via Stockholm. Der vart han forhøyrd av James Jesus Angleton, sjef for CIA si kontraetterretning.
Golitsyn hadde med seg informasjon som gjorde at Kim Philby, Donald Duart Maclean, Guy Burgess, John Vassall og Aleksander Kopatzky som alle arbeidde i Tyskland, vart kjende skuldige som moldvarpar i CIA og FBI. Etter kvart vart skuldingane om kven som var KGB-agentar meir kontroversielle: Henry Kissinger, Harold Wilson og Urho Kekkonen er berre døme på dette.
I populærkulturen
endreDen amerikanske filmen: Mission: Impossible frå 1996 handlar om ein agent med same historie som Anatolij Golitsyn, men no med namnet Alexander Golitsyn. Rolls vart spelt av skodespelaren Marcel Iures.
Referansar
endre- ↑ Corera, Gordon (2011). [https:
//books.google.ca/books?id=GvU0AgAAQBAJ&q=Anatoliy+Golitsyn+2008#v=snippet&q=Anatoliy%20Golitsyn%202008&f=false The Art of Betrayal: Life and Death in the British Secret Service] Check
|url=
value (hjelp). Orion Publishing Group. ISBN 9780297861010. line feed character in|url=
at position 7 (hjelp) - ↑ http://findarticles.com/p/articles/mi_m1282/is_v36/ai_3423788 Arkivert 2009-04-16 ved Wayback Machine. New lies for old: the communist strategy of deception and disinformation. - book reviews], September 7, 1984
Bøker
endre- Anatoliy Golitsyn. New Lies for Old G. S. G. & Associates, Incorporated, 1990, ISBN 0-945001-13-4
- Christopher Story (Editor). ("by Anatoliy Golitsyn") The Perestroika Deception : Memoranda to the Central Intelligence Agency, Edward Harle Ltd; 2nd Ed edition (1998) ISBN 1-899798-03-X
Bakgrunnsstoff
endre- Interview with Christopher Story, editor of The Perestroika Deception; part I Arkivert 2019-02-28 ved Wayback Machine., part II Arkivert 2018-10-01 ved Wayback Machine., part III Arkivert 2019-02-28 ved Wayback Machine.
- Bombs Away, interview with Jeffrey Nyquist, 18 December 2004
- Unmasking Spies, Then and Now, by Jeffrey Nyquist, Geopolitical Global Analysis, 01.06.2005
- Memorandum to the CIA: 26 August 1991, by Anatoliy Golitsyn
- Did Communism Fake Its Own Death in 1991?, by Jason McNew, article referencing Anatoliy Golitsyn's books and predictions
- IN HIS DEFECTOR HE TRUSTED : HOW THE CIA COUNTERINTELLIGENCE STAFF BROKE THE WESTERN INTELLIGENCE COMMUNITY FOR TEN YEARS (1962–1973) Arkivert 2014-07-01 ved Wayback Machine.