Anatolij Tymosjtsjuk
Anatolij Oleksandrovytsj Tymosjtsjuk (fødd 30. mars 1979 i Lutsk i Volyn oblast) er ein ukrainsk fotballspelar. I 2016 spela han i forsvar for Qajrat i den kasakhstanske fotballigaen og for Ukraina sitt landslag.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn |
Анатолій Олександрович Тимощук Anatolij Oleksandrovytsj Tymosjtsjuk | ||
Fødd | 30. mars 1979 (45 år) | ||
Fødestad | Lutsk | ||
Høgd | 181 cm | ||
Posisjon | Forsvarsspelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Qajrat | ||
Nummer | 44 | ||
Ungdomsklubbar | |||
1994-95 | Volyn Lutsk | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1995-97 1998-2007 2007-09 2009-13 2013-15 2015- |
Volyn Lutsk Sjakhtar Zenit Bayern München Zenit Qajrat |
62 (8) 227 (32) 67 (10) 86 (4) 32 (0) 21 (1) | |
Landslag | |||
2000- | Ukraina | 142 (4) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 21. mai 2016 ‡ Landslagsmål oppdatert 13. juli 2015 |
Tymosjtsjuk har vunne ei rekkje titlar for klubblag: Han vann seriemeisterskapen i Ukraina med Sjakhtar Donetsk i 2002, 2005 og 2006, serien i Russland med Zenit St. Petersburg i 2007 og 2015 og Bundesliga i Tyskland med Bayern München i 2010 og 2013. Han debuterte for Ukraina sitt A-landslag i 2000 og spelte sin landskamp nummer 100 ti år seinare, 11. oktober 2010 i ein privatlandskamp mot Brasil. Han har rekorden i landskampar for Ukraina, med 142 per 13. juli 2015. Tymosjtsjuk vart kåra til årets ukrainske fotballspelar i 2002, 2006 og 2007. Han er Ukraina sin landslagskaptein under fotball-EM i 2016