FC Shakhtar Donetsk
Shakhtar-donetsk.png
Fullt namn Fútbol Club Shakhtar
Grunnlagd 1936
Heimebane Donbass Arena,
Donetsk
(Kapasitet: 51 667)
President Rinat Akhmetov
Hovudtrenar Luis Castro
Liga Premier League
Nettstad shakhtar.com

FC Sjakhtar Donetsk (ukrainsk ФК «Шахтар» Донецьк) er ein fotballklubb i Donetsk i Ukraina, skipa 24. mai 1936.

Brasilianaren Jádson set inn sigersmålet då Sjakhtar vann 2-1 over Werder Bremen i UEFA-cupfinalen 20. mai 2009

Sjakhtar vart den fyrste og einaste ukrainske klubben som vann UEFA-cupen, då den i 2009 gjekk til topps i den siste fotballturneringa i sitt slag; UEFA-cupen vart deretter erstatta av Europaligaen. Av andre ukrainske fotballklubbar er det einast Dynamo Kiev som har sigra i ei stor UEFA-tevling.

Sjakhtar er ein av dei eldste klubbane i Ukraina. Klubben er kulturelt samanvoven med den tungt industrialiserte og russifiserte Donetsk-regionen i det austlege Ukraina. Den har vore med i seriefotball heilt tilbake til den gongen det sovjetiske seriesystemet for fotball vart sett i gang. Sjakhtar vann den sovjetiske cupmeisterskapen i to år på rad, 1961 og 1962, og på ny i 1980 og 1983. I perioden 2002 til 2014 har klubben sikra seg ni ukrainske seriemeisterskap, medan den har vunne like mange cuptitlar i tida 1995-2013.

Klubben spelar heimekampane på Donbass Arena.

SpelarstallEndra

Endra 6. august 2020[1]

Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1   K Oleksij Sjevtsjenko
4   F Serhij Kryvtsov
5   F Davit Khotsjolava
6   MB Taras Stepanenko
7   MB Taison
8   MB Marcos Antônio
9   A Dentinho
10   A Júnior Moraes
11   MB Marlos
14   MB Tetê
15   MB Jevhen Konopljanka
17   MB Maksym Malysjev
19   MB Manor Solomon
20   MB Viktor Kovalenko
Nr. Posisjon Spelar
21   MB Alan Patrick
22   F Mykola Matvijenko
23   Vladislav Vakula
27   MB Maycon
28   MB Marquinhos Cipriano
30   K Andrij Pjatov  
31   F Ismaily
45   A Danylo Sikan
49   F Vitão
50   MB Serhij Bolbat
76   MB Oleksandr Pikhalyonok
77   F Valeriy Bondar
81   K Anatoliy Trubin
98   F Dodô
99   MB Fernando

KjelderEndra

  1. shakhtar.com. Vitja 6. august 2020