Anatolios av Konstantinopel
Den heilage Anatolios av Konstantinopel {død 3. juli 458) var ein patriark av Konstantinopel på 400-talet.
Anatolios av Konstantinopel | |
![]() Ikon av patriark Anatolios av Konstantinopel | |
Fødd | 300-talet |
---|---|
Fødestad | Alexandria |
Daud | 3. juli 458 |
Dødsstad | Konstantinopel |
Yrke | prest |
Helgendag | 3. juli |
Symbol | Kledd som biskop med eit evangelium i hendene |
Helgen i | Ortodoks kristendom, den katolske kyrkja |
LivEndra
Anatolios var fødd i Alexandria på andre halvdelen av 300-talet. Han vart ordinert som diakon av Kyrillos av Alexandria. Han og Kyrillos var med på det tredje økumeniske konsilet i Efesos i 431, der deltakarane fordømde læra til Nestorius, som ut frå ortodoks syn var kjettersk.
Etter at Kyrillos døydde i 444 vart Anatolios verande diakon i Alexandria. Den nye erkebiskopen av Konstantinopel, Dioskoros av Alexandria, fylgde læra til Eutyches, som hevda at Guds natur i Kristus har absorbert den menneskelege. Dette vart sett på som kjettersk av den ortodokse kyrkja, som meinte læra undergrov grunnlaget for Kyrkja si lære om frelse og bot for mennesket. I 449 heldt Dioskoros og tilhengarane hans eit konsil som var støtta av keisaren, men fordømd som kjettersk av seinare ortodokse. Flavian, som var patriark i Konstantinopel, forfekta dette ortodokse synet, vart avsett/
Anatolios vart vald som den nye patriarken og byrja ivrig å gjenopprette klarskap i rettruskapen. På eit kyrkjemøte i 450 fordømde han læra til Eutyches og Dioskoros. Pave Leo I nekta først å godta ein biskop som var blitt utnemnd av ein kjettar, men etter at Anatolios hadde demonstrert rettrua si blei han akseptert.[1]
Keisar Theodosius hadde støtta eutychianismen. Då han døydde 28. juli 450 fekk landet Austromarriket nye leiarar som derimot såg på denne læra som kjettersk. Året etter, i 451, vart det fjerde økumeniske konsilet halde i Kalkedon med hjelp av patriark Anatolios. Deltakarane ved det kalkedonske konsilet stadfesta dogmet om å tilbe Kristus som «ein perfekt guddom og eit perfekt menneske, ein ekte Gud og eit ekte menneske».[1]
Kyrkja kjempa mot kjetteri i lang tid. og Anatolios var i kontinuerleg kamp mot kjetterske lærer fram til han døydde i 458. Sjølve dødsfallet har vore mistenkt for å vera eit drap utført av kjettarar.[2]
Minnefestdager for St. AnatoliosEndra
- 3. juli i den julianske kalenderen, tilsvarande 16. juli i den gregorianske
KjelderEndra
- Fotnotar
- ↑ 1,0 1,1 «Council of Chalcedon» i Catholic Encyclopaedia
- ↑ «Den hellige Anatolius av Konstantinopel ( -458)» ved katolsk.no
BakgrunnsstoffEndra
- Den hellige Anatolius av Konstantinopel ( -458) ved katolsk.no
- «St. Anatolius» i Catholic Encylopedia ved newadvent.org