Diakon er ei kyrkjeleg stilling som det finst ulike ordningar for i fleire kristne tradisjonar. I den katolske kyrkja, ortodokse kyrkjer og den anglikanske kyrkja er diakonane ordinerte, medan dei protestantiske kyrkjene varierer i om dei ordinerer eller berre utnemner diakonar. Diakongjerningen er berre open for menn i den katolske og ortodokse kyrkja, men kan òg tillata kvinner i den anglikanske og i protestantiske kyrkjer. Tidlegare vart kvinnelege diakonar kalla «diakonisser».

Heilage Stefan er rekna som ein diakon-martyr.

Det er lang tradisjon for at diakonane har eit spesielt ansvar for hjelp til fattige og trengande. Denne hjelpen i ein kristen kyrkjelyd vert ofte omtalt som diakoni.

Historie endre

Ordet diakon kjem frå gresk diakonos (διάκονος), som tyder 'tenar'. Ordet vert i Apostelgjerningane (kap. 6) brukt om sju menn som vart utvalde for å ta seg av hjelp til medlemmer i kyrkjelyden og administrative oppgåver. Ordet «degn» har same avleiing.

 
Ordinering av ein diakon i den katolske kyrkja i Polen.

Ordningar i ulike kyrkjer endre

Den katolske kyrkja endre

I Den katolske kyrkja er diakonane ordinerte, og berre menn kan bli ordinerte.

Det finst to typar katolske diakonar: «Vanlege» og permanente. Vanlege diakonar er prestestudentar som vert vigsla til diakonar ei viss tid før prestetenesta. Somme avstår prestevigsla, og desse kan helde fram i tenesta som permanente diakonar. Gifte menn kan bli ordinerte til permanente diakonar, men ein mann som er ordinert til diakon kan ikkje seinare gifte seg.

Diakonane har eigne oppgåver i liturgien, der dei hjelper presten ved alteret. Dei har ein egen liturgisk drakt, dalmatika, og ber tradisjonelt stola skrått over brystet i staden for hengande rett ned slik prestane har den. Dei kan forrette ved ektevigsel og dåp, men kan ikkje ta imot skriftemål eller konfirmere.

 
Russisk-ortodokse diakonar.

Ortodokse kyrkjer endre

Hovudoppgåva til diakonar er liturgiske funksjonar, som å assistere presten ved alteret og å leie kyrkjelyden i bøn.

Gifte menn kan bli ordinerte, men ordinerte diakonar kan ikkje seinare gifte seg.

Den anglikanske kyrkja endre

 
Elizabeth Catherine Ferard, den første kvinnelege diakonen i Den engelske kyrkja.

Det anglikanske diakonembetet er svært likt det katolske, og anglikanske diakonar er i stor grad engasjerte i arbeidet for naudstilte.

Dei kan vere gifte, og kan òg gifte seg etter ordinasjonen, som dei anglikanske prestane.

 
Den tyske diakonen Adolf Facius.

Protestantiske kyrkjer endre

Det varierer mellom kyrkjesamfunna om diakonane er ordinerte eller om dei berre er utnemnde av kyrkjesoknet.

I Den norske kyrkja er diakonane tilsette av sokna gjennom kyrkjeleg fellesråd, og dei er vanlegvis vigsla. Reglementet seier at ein kan bli diakon om ein oppfyller eitt av følgjande krav:

  • Mastergrad med bachelor i helsefag, sosialfag eller pedagogikk og mastertillegget i diakoni
  • Teologisk embetseksamen og praktisk-kyrkjeleg utdanning med hovudvekt på diakoni
  • Anna jamgod utdanning eller praksis

I Noreg har det vore drive diakonutdanning ved Diakonhjemmet i Oslo sidan 1890. I dag finst det diakonale utdanningstilbod også ved Universitetet i Oslo, Menighetsfakultetet, Lovisenberg diakonale høgskole, Høyskolen Diakonova og Diakonissehjemmets høgskole.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Diakon