Andåsfossen kraftverk

vannkraftverk i Vefsn kommune, Nordland fylke, Noreg

65°49′20.71″N 13°15′35.71″E / 65.8224194°N 13.2599194°E / 65.8224194; 13.2599194

Det gamle kraftverket

Andåsfossen kraftverk vart etablert ved elva Skjerva i Vefsn kommune i 1908. I 1932 vart det opphavlege anlegget rive, og eit nytt etablert. Dette vart stengt og erstatta av eit tredje anlegg i 2001.

Den gamle kraftverksbygninga frå 1932 vart restaurert av Helgeland museum for tilbakeføring til opphavleg stand for å kunne fungere som eit viktig kulturminne.

Kraftverket har ein installert effekt på 2 MW og ein middels årsproduksjon på 7 GWh. Anlegget er eigd av Helgelandskraft.

Kjelder endre