And did those feet in ancient time

«And did those feet in ancient time» er eit kort dikt av William Blake i forordet til hans episke dikt Milton, a Poem. Diktet vart trykt kring 1808.[1] I dag er han best kjend som hymnen «Jerusalem», med musikk skriven av sir Hubert Parry i 1916.

Forordet til Milton, med teksten til «And did those feet in ancient time», i Blake si kolorerte utgåve

Songen blei populær i England på 1900-talet, og er blitt kalla ein uoffisiell nasjonalsong. Han er blitt brukt som symbol for England ved ulike idrettstilstellingar, som rugby, cricket[2] og i Commonwealth Games.[3] I 2006 la det konservative parlamentsmedlemmet Daniel Kawczynski fram eit forslag for Det britiske parlamentet om at songen skulle gjerast til nasjonalsong. Forslaget blei ikkje vedteke.[4]

Bakgrunn endre

Diktet var inspirert av ei apokryf soge om ein ung Jesus, som i lag med Josef frå Arimatea, ein tinnhandlar, reiste til det som i dag er England og vitja Glastonbury under dei ukjende åra.[5] Segnet er knytt til ein ide i Johannes' openberring (3:12 og 21:2) som skildrar ei Jesu gjenkomst, der Jesus opprettar eit nytt Jerusalem. Den kristne kyrkja generelt, og særleg Den engelske kyrkja, har lenge nytta Jerusalem som ein metafor for Himmelen, ein stad med universell kjærleik og fred.

I den vanlegaste tolkinga av diktet, impliserer Blake at ei vitjing av Jesus ville for ei kort stund skapt himmel i England, i motsetnad til dei «mørke sataniske fabrikkane» i den industrielle revolusjonen.

Ei linje frå diktet, «Bring me my Chariot of fire!» syner til 2 Kong 2:11, der profeten Elia vert henta til himmelen: «And it came to pass, as they still went on, and talked, that, behold, there appeared a chariot of fire, and horses of fire, and parted them both asunder; and Elijah went up by a whirlwind into heaven.» (Medan dei gjekk der og snakka saman, kom det brått ei eldvogn med eldhestar føre og skilde dei frå kvarandre. Og Elia fór opp til himmelen i stormen). Linja inspirerte til tittelen på filmen Chariots of Fire frå 1981.

Kjelder endre

  1. Cox, Michael, editor, The Concise Oxford Chronology of English Literature, «1808», p 289, Oxford University Press, 2004, ISBN 0-19-860634-6
  2. «Correspondence». UK: Anthem 4 England. 8 May 2007. Arkivert frå originalen 20. juli 2011. Henta 29 April 2011. 
  3. Sir Andrew Foster (30 May 2010). «England announce victory anthem for Delhi chosen by the public! – Commonwealth Games England». Weare England. Arkivert frå originalen 11 June 2011. Henta 29 April 2011. 
  4. ENGLISH NATIONAL ANTHEM, Det britiske parlamentets nettsider, 18. oktober 2006, henta 9. november 2017
  5. Icons – a portrait of England. Icon: Jerusalem (hymn) Feature: And did those feet? Henta 7. september 2014

Bakgrunnsstoff endre