Anders Andersen Bjelland
norsk gardbrukar og politikar
Anders Andersen Bjelland (1790–28. juni 1850) var ein norsk gardbrukar, stortingsmann og ordførar frå Nedstrand i Rogaland.
Anders Andersen Bjelland | |||
Fødd | 1790 Nedstrand | ||
---|---|---|---|
Død | 28. juni 1850 (59 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar, bonde | ||
Alle verv |
|
Bjelland var son av ein gardbrukar og lensmann. Han var gardbrukar på farsgarden Bjelland. Frå 1837 til 1841 var han den fyrste ordføraren i Nedstrand, varaordførar frå 1846.
Bjelland representerte Stavanger amt på Stortinget i 1827, på omframstortinget 1828, atter på Stortinget i 1833 og 1842. Han var 1827 medlem av bankkomiteen, 1828 av komiteen om auke i setelmengda, 1833 av næringskomiteen, 1842 av Lagtinget og næringskomite nr 1.
Han døydde på garden sin i Nedstrand i 1850.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Anders Andersen Bjelland NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv