Anders Dass (25. juli 16751736) var ein norsk prest og godseigar, son til Margrethe Andersdotter og diktarpresten Petter Dass.

Anders Dass
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. juli 1675
Død

1736 (60 år)

Yrke prest
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja

Anders Dass gjekk som gut latinskule i Bergen før han vart oppteken som student i Kjøbenhavn rundt 1691. Han tok magistergrad, deretter studerte han ei tid i England. I 1704 vart han tilsett som kapellan hos faren, og han overtok soknepreststillinga i Alstahaug etter at faren døydde.

Då han kom heim til Alstahaug, gifta han seg med Rebekka Lorentzdotter Angell (1681–1735) som var dotter av den styrtrike kjøpmannen Lorentz Mortenson Angell (–1697) i Trondheim. Dermed vart han eigar av det enorme Tjøttagodset som svigerfaren hadde tileigna seg i 1675. Ved arveskiftet i 1703 hadde Rebekka fått 1/5 av arven, resten gjekk til brørne Albert, Lorentz, Hans og Peter. Anders kjøpte i tur og orden fleire femtedelar av svograne sine. I 1705 kjøpte han ei rad gardar i Vefsn, Rana, Tjøtta og Alstahaug frå svogeren Hans Angell. I 1706 kjøpte han skog flerie gardar og skogstrekningar innover langs Vefsna og oppi Dunderlandsdalen frå Peter Angell.[1]

Då faren fall i frå, vart han forfremma frå kapellan til sokneprest i Alstahaug. Fra 1715 medførte embetet også at han var forvaltar av Det nordlandske kyrkje- og skulefond. Anders og Rebekka fekk ti barn. Sonen Albert Dass vart byfut i Bergen. Jacob Dass vart lagmann i Nordland. Petter Dass (d.y.) arva jordegodset. Abelone gifta seg med presten Sommer (som overtok då Anders døydde i 1736).

Kjelder: endre

  • A.E. Eriksen 1874: «Petter Das's Levnetsløb» (trykt som innleiing til samleutgåve av Petter Dass sine skrifter), P.T. Mallings Bogtrykkeri
  1. Axel Coldevin listar opp Anders Dass sine kjøp i boka Jordegods og storgårder i Nord-Norge fra 1943, utgitt på F. Bruns Bokhandel i Trondheim.