Det nordlandske kyrkje- og skulefond

Det nordlandske kyrkje- og skulefond (bokmål Det nordlandske kirke- og skolefond, dansk det Nordlandske Kirke- og Skole-Fond) vidareførte etter 1814 arbeidet som sidan 1715 hadde vore drive av det dansk-norske Misjonskollegiet. Fondet høyrde under kyrkjedepartementet.

Hovudføremålet til fondet var først å fremje misjon blant samane. Sidan vart føremålet å sikre lønsinntekter til geistlege embetsmenn i Nord- og Sør-Hålogaland bispedømme, å vedlikehalde kyrkjer og kapell fondet åtte og å fremje skulestellet i desse bispedømma.

Kyrkjene Misjonskollegiet åtte i Nord-Noreg vart selde etter Lov av 1. august 1821 «angaaende de Nordlandske Kirkers Salg». Eigedommane fondet åtte, vart forvalta som anna kyrkjegods, etter Lov av 20. august 1821 «angaaende det beneficerede Gods». Ved lov av 4. august 1827 vart det opna for at leiglendingane kunne få kjøpe eigedommane dei dreiv.

Fondet hadde i 1954 ein grunnkapital på kr 1 659 300 og eit rentefond på kr 2 460.

Fondet tok slutt 31.12.1971, så Stortinget overdrog eigedommane til Opplysningsvesenets fond.[1]

Kjelder: endre

  1. Lov av 9. desember 1955 nr 11 (Prestegardslova) samt Klokkarlova av 5. april 1963 nr 1. Lovene er seinere ersatta av Lov om Opplysningsvesenets fond