Dunderlandsdalen er eit dalføre i Rana kommune i Nordland. Dalføret strekkjer seg frå Mo til Saltfjellet. Ranelva følgjer dalen. I Dunderlandsdalen ligg tettstaden Storforsheia, bygdene Skonseng, Røssvoll og Storvoll.

Ranelva ved Storvoll i Dunderlandsdalen, mai 2007
«Hjertaasfos seet fra Rødfjeld. Dunderlandsdalen, Helgeland»
Foto: Ole Tobias Olsen, 1870

E6 følgjer dalen frå Mo i Rana til Saltfjellet. Illhøllia tunnel, mellom Nevermoen og Røssvoll opna i 2002.

Som ein del av Dunderland Iron Ore Company sitt anlegg i 1902 vart det lagt jernbane frå Storforshei til Mo i Rana, og sidan 1947 har denne traseen vore ein del av Nordlandsbanen.

Historie endre

Steinalder endre

 
Stridsøks frå Dunderlandsdalen.

Det har vore busetnad i Dunderlandsdalen sidan steinalderen. Sommaren 2003 oppdaga ein dansk turist ei «stridsøks» (Streitaxe) ved elva Eiterå. Øksa vart overlevert kulturavdelinga ved Rana Museum den 1. juli 2004.[1]

Dette er det første funnet av den stridsøkskulturen i innlandet i Nord-Noreg. I 1913 vart det oppdaga ei 20 cm lang øks frå den same kulturhorisonten på Brattland i Utskarpen.

Øksa er ei «båt-øks» av svensk-norsk type frå 2800−2400 f.Kr. Ho var neppe ein funksjonell reiskap, men ei pynteøks — eit symbol på rikdom og sosial lagdeling. Kanskje høyrte ho til ein lokal høvding.

Gruvedrift endre

Sidan 1799 har jernmalmleiene i dalen vore kjent, og den første industrielle utnyttinga av malmen skjedde i regi av Dunderland Iron Ore Company i fleire driftsperiodar, den første frå 1902. Selskapet vart avvikla i 1947. Frå 1937 har Rana Gruber drive utvinning av malmen.

Under den andre verdskrigen, opna okkupasjonsmakta, fleire fangeleirar; fangar svelta i hjel og fangar vart avretta.

I 1948 var det ei bussulykke i dalen der 16 døde, Dunderlandsdalen-ulukka. Bussen var på veg frå Tromsø frå det første landsmøtet i Norske Reindriftssamers Landsforbund (NRL).[2]

Frå 1964 vart magnetitt og hematitt frå dalen nytta i produsjonen ved Norsk Jernverk i Mo i Rana.

Geografi endre

 
Frå Eiterå i Dunderlandsdalen.

Sentrale stader, frå foten av Saltfjellet i nord og sørover, er Krokstrand, Bjøllånes, Storvoll, Dunderland, Eiterå, Nevernes, Storforshei, Nevermoen og Røssvoll.

Av sidedalar finn ein mellom anna Plurdalen, Røvassdalen, Bjøllådalen, Grønfjelldalen og Virvassdalen.

Geologi endre

Dunderlandsdalen er kjent for store førekomstar av jernmalm, glimmerskifer og tildels marmor.

Berggrunnen i Dunderlandsdalen består av kaledonsk skifer som har gjeve grunnlag for bergverksdrift; mellom anna på Fauske marmor som òg finst på Fauske. På Storforshei har det vore utstrekt drift på jern.

Folketal endre

År Folketal
1998 183
2000 175
2001 165
2002 159
2003 174
2004 172
2005 174
2006 157
2007 151

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Rana Blad: Fisker fant 5000 år gammel steinøks, 2. juli 2004
  2. Eilif Andreas Aslaksen (12. juni 2008). «16 lys i stolthet og sorg». NRK Sápmi.