Anders Hanssen Grønneberg
gardbrukar og medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
(Omdirigert frå Anders Hansen Grønneberg)
Anders Hanssen Grønneberg (1779–30. oktober 1819) var ein norsk skipper, offiser, gardbrukar og eidsvollsmann.
Anders Hanssen Grønneberg | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1779 |
Død |
30. oktober 1819 (39 år) |
Yrke | bonde, politikar |
Språk | norsk |
Politisk parti | sjølvstendepartiet |
Anders Hanssen Grønneberg på Commons |
Grønneberg var fødd i Berg sokn i Brunlanes, der faren var lensmann. Sjølv vart han sjømann, etter kvart skipper. Under napoleonskrigane vart han utnemnd til såkalla månadsløytnant, deltok i erobringa av to engelske kutterar ved Stavern. Slo seg sidan ned på farsgarden som gardbrukar.
I 1814 var Grønneberg utsending frå Larvik grevskap til riksforsamlinga på Eidsvoll. Han deltok ikkje aktivt i forhandlingane, men røysta truleg med sjølvstendepartiet.[1]
Han døydde på garden sin, Ødelund, i Berg sokn i 1819. Det finst ingen bygningar att frå hans tid på garden.[2]
Kjelder
endre- ↑ «Anders Hansen Grønneberg (1779-1819)». Eidsvoll 1814. Henta 20. november 2015.
- ↑ Jørgen Solstad (2014). «Anders Grønneberg og gården Ødelund i Brunlanes». I Jørn Holme. De kom fra alle kanter - Eidsvollsmennene og deres hus. Cappelen Damm. s. 247-248. ISBN 978-82-02-44564-5.
- Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914, digital utgåve side 307
- Biografisk informasjon om Anders Hanssen Grønneberg NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv