Laurvigen grevskap

(Omdirigert frå Larvik grevskap)

Laurvigen grevskap (Grevskapet Larvik) vart oppretta den 29. september 1671, då Brunla amt vart gjort om til grevskapet Laurvigen. Grevskapet omfatta seinare Larvik, Sandefjord og Tjøme kommunar, i tillegg til delar av Andebu kommune.

I 1821 vart grevskapet slege saman med Jarlsberg grevskap til Jarlsberg og Larvik amt.

Grevar av Laurvig

endre
  • Ulrik Fredrik Gyldenløve (1671 - 1704). Han nytta ikkje sjølv tittelen greve
  • Grev Ferdinand Anton Danneskiold-Laurvig (1704 - 1754)
  • Grev Frederik Ludvig Danneskiold-Laurvig (1754 - 1762)
  • Grev Christian Conrad Danneskiold-Laurvig (1762 - 1783)
  • Arvetvist (1783 - 1785)
  • Grev Christian Ahlefeldt-Laurvig (1785 - 1791)
  • Grev Frederik Ahlefeldt-Laurvig (1791 - 1805)
  • Kongen av Danmark (1805 - 1817)

Bakgrunnsstoff

endre