Opna hovudmenyen

Anders Johannesson Bøyum (23. oktober 189022. april 1962) var ei norsk gardbrukar og politikar frå Fjærland i Sogn, som representerte partiet VenstreStortinget 1936-37 og 1945-61.

Anders J. Bøyum
Fødd23. oktober 1890
Død22. april 1962
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar

Bøyum var odelsgut til farsgarden i Fjærland og tok i 1918 over drifta av denne. Han var administrerande direktør i Fjælrand Privatbank frå 1916 til han døydde, formann i rådet for Vestlandsbanken og i 1938 medlem av ein departementskomite som undersøkte arbeidstilhøva i jordbruket.

Frå 1917 til 1947 var Bøuym medlem av heradsstyret i Balestrand, ordførar 1934-41 og 1945-47. Perioden 1931-45 var han vararepresentant til Stortinget for Venstre i Sogn og Fjordane, møtte på Tinget i 1936/37. I 1945 fekk han fast plass på Stortinget, der han var medlem av finanskomiteen til januar 1954. Frå då av og til han forlet Stortinget i 1961 var han medlem av utanriks- og konstitusjonskomiteen.

KjelderEndra