Opna hovudmenyen
For kommunen med same namn, sjå Balestrand kommune.

Balestrand, også kalla Balholm eller Holmen, er kommunesenteret i Balestrand kommune i Sogn og Fjordane fylke. Sjølve namnet Balestrand blei skapt av Henrik Wergeland då han reiste i Sogn i 1832, og skreiv diktet "Framnæs - Balestrand". Namnet kjem av garden Bale, som ligg sentralt til i bygda. På gamalnorsk betyr Bale ein graskledd bakke ved sjøen. [1]

Balestrand
stad
Holmen Balestrand1.jpg
Balestrand frå fjorden
Foto: Matt Sachtler
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Balestrand
Areal 1,06 km²
Folketal 824 (2017)
Folketettleik 777 / km²
Postnummer 6899 BALESTRAND
Wikimedia Commons: Balestrand (village)

Tettstaden har 824 innbyggjarar per 1. januar 2017 og ligg sørom innlaupet til Esefjorden, på nordsida av Sognefjorden. Balestrand er ein viktig turiststad og har fleire hotel og andre overnattingsstader, mellom andre Kviknes hotel. Her ligg også Norsk Reiselivsmuseum, Sognefjord Akvarium og Balholm AS .

I sommarsesongen går det turistbåtar frå Balestrand inn Fjærlandsfjorden og til Flåm. Det er heilårs snøggbåtrute til Bergen.

Drakestilsvilla i Balestrand.
Foto: Matt Sachtler

FotnotarEndra

BakgrunnsstoffEndra