Anders Ohnstad (27. juni 19114. mai 2007) var ein norsk historikar og forfattar. Han har hovudsakleg gitt ut bøker om lokalhistorie og slektsforsking i indre Sogn. Han vaks opp på Ohnstad i Aurland.

Anders Ohnstad
Fødd 27. juni 1911Rediger på Wikidata
Død

4. mai 2007

Yrke historikar

Ohnstad var lektor og historikar og er utdanna cand. mag. ved Universitetet i Oslo i 1945. Han leverte hovudfagsoppgåve i 1943, og ho vart publisert i tidsskriftet for historielaget i Sogn i 1948. Han har vore rektor på Leikanger realskule 1944–1945, lektor ved Sogndal gymnas og realskule 1946–1949, Hornnes landsgymnas i Aust–Agder 1950-1954 og Voss gymnas 1954–1979. Han var fram til sin død, forfattar og slektsforskar på heiltid. I perioden 1956-1971 sat han i rådet for historielaget i Sogn, og i styret frå 1971-1979.

Gjennom omfattande gransking meinte Ohnstad å kunne dokumentera at Sverre Sigurdsson (Kong Sverre) hadde sine røter frå garden Sult i Aurland, som seinere endra familienamnet frå Sult til Ohnstad.

I 1999 vart han tildelt Kongens fortjenstmedalje i gull. Han er far til Åsmund Ohnstad.

BibliografiEndra

BøkerEndra

  • 1983 – Vangen kyrkje : Vangskyrkja i Aurland : kyrkje og kristenliv : jubileumsskrift (Aurland: [s.l.]) . ISBN 82-90451-04-0
  • 1990 – Aurland : samling av artiklar frå Aurland. Bd. 3, Till. [Bd. 1] : Glimt frå Aurlandssoga samling av artiklar frå Aurland (Aurland: Aurland sogelag) I fulltekst ved nb.no
  • 1994 – Gardssoga for Aurland. Band 2. Ein del av Vangen sokn : frå Skjerdal til og med Tero (Aurland: Aurland sogelag) . ISBN 82-90451-51-2
  • 1996 – Gardssoga for Aurland. Band 3. Ein del av Vangen sokn : frå Loven til og med Frondalen (Aurland: Aurland sogelag) . ISBN 82-992261-1-2
  • 1999 – Aurlandsætti i mellomalderen : på Island og her heime (Aurland: s.l.) . ISBN 82-994887-1-0
  • 2001 – Aurland mellom fjell og fjord : tilskot til kultursoga (Aurland: s.l.) . ISBN 82-994887-2-9
  • 2003 – Bygde-Noreg er liv laga : små glimt frå Aurland si kultursoge (Aurland: Eige forl.)

I tidsskrift - eit utvalEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra