Jarle Bondevik (29. juni 19344. april 2016) var ein norsk språkforskar, fødd i Sogndal. Han var professor i norsk språk og språkhistorie og ytte særleg viktige faglege bidrag om utviklingstrekk i nynorsk bibelmål.

Jarle Bondevik
Fødd 29. juni 1934
Sogndal
Død

4. april 2016

Yrke lingvist, filolog

Liv og gjerningEndra

Bondevik tok examen artium ved landsgymnaset i Voss, før han vart cand.philol. ved Universitetet i Bergen i 1961. Faga var historie og tysk, før han avslutta med nordisk hovudfag i Bergen i 1961. Bondevik skreiv hovudoppgåva si om stadnamn frå Sogndal. Han arbeidde som lektor ved Universitetet i Århus frå 1961 til 1963, og ved lærarskulen i Bergen frå 1963 til 1972. I 1972 vart han tilsett ved Universitetet i Bergen. Ved same institusjonen vart han dr.philos i 1988, og i 1993 vart han professor. Frå 1991 til 1999 var han ogso assisterande professor ved Høgskulen i Volda.[1]

Studiar i det nynorske bibelmålet. Morfologi og ordtilfang» var namnet på doktorarbeidet hans, som kom i 1985. I 2003 publiserte han «Og ordet vart nynorsk», som viser framvoksteren av nynorsk som bibelmål. Han har òg gjennom mange år forska på det eldre landsmålet og på dialektar, og i 1990 skreiv han om «Modalsmålet» i Bygdebok for Modalen.

Bondevik var medlem i Språkrådet 1988-1995. Saman med Oddvar Nes og Terje Aarset tok han i 1991 initiativet til Ivar Aasen-selskapet. Gjennom eit tidsrom på nærare 20 år fekk dei publisert ti band med uprenta materiale av Ivar Aasen.[1]

I avisa 'Dag og Tid' av 8. april 2016 skriv Anders Aschim om Bondevik at «[h]an var den fremste kjennaren av det nynorske bibelspråket gjennom tidene».

BibliografiEndra

BøkerEndra

  • 1992 – Sunnmørsgrammatikkane (Bergen: Norsk bokreidingslag) . ISBN 82-90186-82-7  [Av Ivar Aasen ; redigert av Terje Aarset, Jarle Bondevik, Oddvar Nes]
  • 1997 – Målsamlingar 1855-1861 (Bergen: Norsk bokreidingslag) . ISBN 82-7834-021-8  [Av Ivar Aasen ; redigert av Terje Aarset, Jarle Bondevik, Oddvar Nes]
  • 1997 – Målsamlingar frå Christiansands og Agershuus Stifter (Bergen: Norsk bokreidingslag) . ISBN 82-7834-007-2 I fulltekst ved nb.no  [Av Ivar Aasen ; redigert av Terje Aarset, Jarle Bondevik, Oddvar Nes]
  • 1998 – Målsamlingar frå Trondhjems og Tromsø Stifter (Bergen: Norsk bokreidingslag) . ISBN 82-7834-009-9 I fulltekst ved nb.no  [Av Ivar Aasen ; redigert av Terje Aarset, Jarle Bondevik, Oddvar Nes]
  • 2002 – Målsamlingar 1862-1883 (Bergen: Norsk bokreidingslag) . ISBN 82-7834-025-0  [Av Ivar Aasen ; redigert av Terje Aarset, Jarle Bondevik og Oddvar Nes]
  • 2003 – Og ordet vart nynorsk : soga åt den nynorske Bibelen (Bergen: Norsk bokreidingslag) . ISBN 82-7834-027-7

I tidsskrift - eit utvalEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Jarle Bondevik 70 år 29. juni». NRK. 9. Juni 2004. 

BakgrunnsstoffEndra